Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med Pensjonistlaget på trivselskveld på hotellet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. september 2022

Onsdag 12. oktober klokka 19:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til trivselskveld på Thon Hotel Surnadal. Her blir det servert heilstekt ytrefilet med potetmos, ovnsbakt asparges, tomatar og soppsaus. Creme brulee med friske bær og bringebærsorbett til dessert og sjølvsagt kaffe.

«Etterpå blir det dans i Gladlaxen til Trond Larsens trio. På tide å kvikke oss opp litt!», seier Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag. 

Pris per deltakar er kroner 300,- for medlemmer og kroner 395,- for dei som ikkje er medlem.

«Kom å bli med – det blir ein bra kveld!», lovar Kristian. 

Påmelding til Anne Sissel på telefon 917 20 573 eller Bitten på telefon 926 11 826, innan 1. oktober. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 15. september 2022, 05:00