Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3631 artiklar i dette arkivet.


«Tjuandedag-Knut driv jula ut»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. januar 2023

«Tjuandedag-Knut driv jula ut», heitte det frå gamalt av. Opphavet for «knutsdagen» var drapen på den danske prinsen Knut Lavard, som vart drepen 7. januar i 1131. Etter at han døydde fekk han helgenstatus. «Knutsdagen» 7. januar var i fleire hundre år den første kvardagen etter julefeiringa, men frå rundt 1680 vart «knutsdagen» flytta til den 13. januar, altså tjuandedag jul, og markerer den offisielle slutten på julefeiringa. 


Svorka og Småkraft bygger tre nye småkraftverk

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. januar 2023

Det har i lengre tid, og spesielt i vinter, vore mykje snakk om at det er straumkrise i Norge. Det har også vore snakk om å innføre rasjonering på straum i deler av landet, men dette ser det ut til at det ikkje blir noko av, i alle fall ikkje denne vinteren. Men Norge treng meir straum for å dekke det framtidige straumbehov. 


Sjå opp for isklumpar i vegbanen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. januar 2023

Dei siste dagane med mildvêr har gjort at det no er ein del isklumpar, som med jamne mellomrom, dett ned i vegbanen utover stranda og mellom Svinvika og Nordvik. Somme av isklumpane blir liggande slik at dei er til hinder når ein møter andre bilar, og dei kan vere vanskeleg å få augo på når ein møter andre bilar.


Ekstra tilbod om vaksinering fredag 13. januar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. januar 2023

Surnadal kommune melder at du no kan «hoppe på» og bestille koronavaksinering eller influensavaksinering til fredag 13. januar. Influensavaksina kostar 265,- kroner, og her er det «først til mølla prinsippet» tsom gjeld, opplyser kommunen.


Ny sesong med trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 8. januar 2023

Torsdag 12. januar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til ny sesong med trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!


Minner om foredrag med Ingebrigt Steen Jensen i Halsahallen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. januar 2023

Surnadal demensforening og helselag, som er ein av dei fire arrangørane, minner om at Ingebrigt Steen Jensen kjem til Halsahallen måndag 9. januar. Han kjem for å halde eit foredrag om den nyaste boka si «Før jeg forsvinner» og det nye livet han har fått, etter at han fekk påvist Alzheimer. Liv Botten i Surnadal demensforening og helselag minner også om at dei som vil ta buss frå Surnadal og Kyrksæterøra til Halsahallen, må melde frå om dette på telefon innan utgangen av søndag. Kontaktinformasjon finn du litt lenger ned.   


Pyroteknisk skalkfest på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 1. januar 2023

Pyroteknisk skalkfest er det første gongen det blir arrangert på Bordholmen.  Enkelt forklart så var det rett og slett ein elendig vêrtype for bruk av fyrverkeri på nyttårskvelden. Litt rådslagning med politimesterens folk og brannsjef i kommunen gjorde at det vart arrangert det vi kan kalle polyteknisk skalkfest på Bordholmen i kveldinga. Det var betre enn at alt dette fyrverkeriet skulle lagres i kjeller og loft rundt i bygda.  


Heftig på nyttårskonserten

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. desember 2022

Det blir tradisjonell nyttårskonsert på Surnadal kulturhus fredag 6. januar. Denne gongen også med utradisjonell gjestemusikar på bandoneón.


Tømmekalenderen for januar og februar 2023 er lagt inn

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. desember 2022

Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for januar og februar 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for mars og april, vil bli lagt inn siste halvdel av februar månad. 


Lokalt meisterverk

Einy Rendal Elgsæther Onsdag 28. desember 2022

Einy Rendal Elgsæther har sendt oss ein bokomtale av boka «Kyrkja i Stangvik», som du kan lese her. Igjen har Bernt Bøe gitt oss eit lokalt meisterstykke om historie, kyrkje, musikk og kultur. I samband med Stangvik kyrkjes 125-årsjubileum har soknerådet gitt ut ei praktbok som Bernt har vore produsent for. Og dette er ikkje berre 180 sider med interessant lokal kunnskap på mange felt, men god litteratur i skildringane av levd folkeliv og fortsatt levande kyrkjeliv.


Fullt hus for Romjulsquiz

Stig Husby Onsdag 28. desember 2022

Todalen.no traff blink med sin Romjulsquiz 3. juledag i Todalen Ungdomshus. 75 ivrige quizdeltakerar fann vegen til ungdomshuset, som var julepynta for anledningen.


Minner om «Romjulsquiz»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. desember 2022

Tysdag 27. desember (3. dag jul) klokka 19:00 inviterer Todalen.no alle til «Romjulsquiz» i Todalen ungdomshus. Quizmastrane har laga spørsmål innafor mange tema, så her er det noko for ein kvar smak. Todalen.no spanderer forskjelleg typar snacks under romjulsquizen.