Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til jakt- og fiskeskule

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. februar 2023

Surnadal JFF inviterer til jakt- og fiskeskule 1. halvår 2023. Så har du lyst til å lære om aktivitetar knytta til jakt, fiske og friluftsliv?, og samtidig er i aldersgruppa 10 – 13, da kan dette vere noko for deg! 

Den 28. februar arrangerer Surnadal JFF informasjonsmøte klokka 18:00 i Kammerset på Surnadal kulturhus for alle som vil vite meir om jakt- og fiskeskulen. 

Her vil dei informere om alle aktiviteter som er planlagt fram mot sommaren, samt å vise filmen «Jakt og fiskelandet». Det vil også bli litt servering, så det er fint om dei som vil vere med, gjev beskjed om dette på førehand via epost: turid.saettem@hotmail.com eller på telefon: 975 42 287.

Informasjonsmøtet er gratis og varer i to timar.

– Dette blir gøy, velkommen!!

Informasjonsmøte om jakt- og fiskeskulen 2023

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 15. februar 2023, 08:00 - Sist oppdatert: 14. februar 2023, 23:39