Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «Felles middag» 22. februar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. februar 2023

Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 22. februar klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.

Dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.

«Felles middag» kostar kroner 50,- per person over 12 år, medan det for personar under 12 år er gratis. Du kan betale med kontantar eller Vipps.

Påmelding til Elsa Jensvold på telefon 995 18 162. Du kan også sende SMS, men da må du hugse å skrive antall og alder på dei du melder på. Påmelding seinast måndag 20. februar.

Kyrkja i Surnadal ønske alle velkommen til «Felles middag»!

«Felles middag» 22. februar

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 16. februar 2023, 07:00 - Sist oppdatert: 15. februar 2023, 17:14