Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ruteendring i rute 1061: Kvanne – Rykkjem i vekene 9 – 11

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. februar 2023

FRAM Møre og Romsdal melder at fergestrekninga Kvanne – Rykkjem no skal elektrifiserast for fullt. Ladeanlegget på Rykkjem skal difor ferdigstillast, noko som i perioden 27. februar til og med 16. mars, vil bety nokre små justeringar i ferge- og bussrutene i denne perioden. 

Frå måndag til og med torsdag i vekene 9 – 11 (27. februar – 16. mars) vil siste avgang på rute 1061: Kvanne – Rykkjem, ha avgang frå Kvanne klokka 22:00, og frå Rykkjem klokka 22:15. 

Bussrute 902: Surnadal – Sunndalsøra, med  avgang frå Surnadal klokka 22:10, vil i denne perioden vere innstilt. 

Bussrute 902: Molde – Surnadal, med avgang frå Molde klokka 21:00, vil i denne perioden vere innstilt på strekninga Sunndalsøra – Surnadal. 

Publisert: 17. februar 2023, 07:51