Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vintersyn i galleri Finstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. februar 2023

Torsdag 16. februar klokka 18:00 opnar årets «Vintersyn» i galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. I år er det Kristian Finborud frå Voss, der han har eige galleri. Bileta hans, som er stemningsfulle vinter- og skibilete har gjerne humoristiske titlar, og har blitt særs populære. Alex Trio vil stå for det musikalske innslaget under opninga torsdag. Så her kan ein forvente fengande rytmar, samt flotte og stemningsfulle bilete.

Finborud har også bilete frå andre årstider med motiv frå «friluftslivets gleder og sorger» – som mange kan kjenne seg att i.

Finborud gjestet også kunstforeiningane i Surnadal og Surnadal for ti år sidan.

Meir om kunstnaren Kristian Finborud, kan du lese her: finborudgalleri.no 

Finborud vil vere til stades på opninga torsdag kveld. Onsdag ettermiddag vil han vere i galleriet for å rigge utstillinga.

Utstillingen vil henge oppe til og med torsdag 2. mars.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 13. februar 2023, 20:30