Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fastetid og nødhjelp

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. februar 2023

Kirkens Nødhjelp (KN) sin aksjon er eit årvisst innslag i fastetida. Tysdag 28. mars kjem konfirmantar og andre bøsseberarar på døra. Sokna i Surnadal og Rindal hadde strategimøte torsdag. KN-samordnar Gro Hauge Venås og soknekontaktane drøfta årets gjennomføring og fordelte bøsser og anna materiell.

Konfirmantar og vaksne

– KN-aksjonen er del av årsplanen som konfirmantheimane fekk i haust, fortel Gro Hauge Venås. – Ein vellykka aksjon er avhengig av at dei vaksne støttar opp, mellom anna med skyss til bøsseberarane, legg ho til.

Kirkens Nødhjelp var på plass i Syria alt dagen etter jordskjelvet og gjer eit stor arbeid der. Foto Kirkens Nødhjelp

«Håp i en dråpe vann» er motto for aksjonen i 2023. Samtidig er Kirkens Nødhjelp til stades over alt der det oppstår nød. Slik er Tyrkia og Syria, forutan Ukraina, særleg på dagsorden akkurat no.

Betydelege resultat

I fjor gav Kinkens Nødhjelp sin aksjon i Surnadal vel 121.500 kroner. – Omrekna til synleg resultat kan denne summen finansiere permanent vassforsyning til bortimot 500 menneske som manglar livsviktig vatn, seier Gro Hauge Venås. Også annan statistikk viser at kostnadseffektive Kirkens Nødhjelp skaper store resultat med gåvemidlane sine.

Venås minner elles om informasjonstreffet for konfirmantar, føresette og andre den 24. mars på Surnadal vidaregåande skule. Rindal sokn har eige opplegg

Nødhjelpskonsert i Åsskard kyrkje

Jordskjelvkatastrofen i Tyrkia og Syria er også bakgrunnen for ein «Nødhjelpskonsert» i Åsskard kyrkje onsdag 1. mars. Her deltek kor, barn, solistar, strykarar og ei rekkje aktørar gratis – til støtte for Kirkens Nødhjelp sitt katastrofearbeid.

Barnegruppa Amigos blir med på nødhjelpskonserten i Åsskard 1. mars. Der sel dei også fastelavnsris til formålet. Foto Bernt Bøe

– Inntektene frå ein slik konsert blir sjølsagt ikkje ein drope i dette havet, seier initiativtakar og organist Bernt Bøe. – Men det blir ein kjempedugnad for å bevisstgjera oss alle og oppfordre til solidaritet med hundretusenvis av lidande medmenneske!, fortsett han.

Søndag 19. februar er fastelavn. Dei komande vekene fram mot påske har vi altså fastetida – i år med særleg grunn til å følgje idealet i praksis: Å faste for sin neste!, avsluttar han.

Publisert: 17. februar 2023, 13:07