Stavgangarane startar haustsesongen torsdag
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag startar haustsesongen med stavgangtur til Krokvatnet torsdag 3. august klokka 11:00. Oppmøte ved Dønnem bedehus for samkøyring.
Vi fann 3672 artiklar i dette arkivet.
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag startar haustsesongen med stavgangtur til Krokvatnet torsdag 3. august klokka 11:00. Oppmøte ved Dønnem bedehus for samkøyring.
Ellen Magritt E. Skogrand hadde fredag ein fin topptur til Snøfjellet via Bjøråskaret. På turen nedatt mista ho tursekken sin, ein blågrøn Bergans sekk. Ho mista den på venstre side ved det partiet der ein må klatre mellom to steinar.
Tysdag 1. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til haustsesongens første fjelltur. Da går turen til Liagarden.
Fredag 28. juli, mellom klokka 12:00 – 16:00, inviterer Lia gard til «sommarope» bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen no i ferien. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.
dag var det dugnad i Toåa tursti for å slå kantane, rydde litt kratt og for å få skråpa vegen. Turstien fekk i fjor haust nokre skadar som følge av stor elv. Deler av turstien må difor reparerast, eit arbeid Per E. Gjeldnes maskin skal utføre.
I går og i dag har det vore krøtterberging i Kvennsetdalen. Kyrne stakk av under flytting frå innmarksbeite i Viastua og opp i Kvennsetdalen for eit par veker sidan. I ettertid har dei to kyrne gått seg utfor ein hammar. Den eine av dei var i live etter fallet, medan den andre omkom.
Stangvik Grendalag og Stangvik Historielag inviterer fredag 28. juli frå klokka 12:00 til familiedag med gamal historie og ny kultur. Familiedagen er knytta til «Den Trondhjemske postvei» og startar med ein fin tur frå Vang til Stangvik. Under vegs vil ein får sjå nye verk av seks lokale kunstnarar og ein indianar.
Todalen Idrettslag har investert i fotballgolf på Bordholmen stadion. Så da har idrettslaget enda ein aktivitet å tilby sine medlemmer og andre på anlegget på Bordholmen.
I dag var ein gjeng frå Eldrerådet i kaffekroken på Matkroken samla på Talgø gård for å friske opp gamle kunster med hesjing. Hesjing er ikkje så vanleg lenger, men gjengen som hadde møtt opp, hadde definitivt ikkje gløymt gamle kunster, så det gjekk fort og effektivt å sette opp hesja.
Laurdag 22. juli, mellom klokka 11:00 – 13:00, inviterer Lia gard til «sommarope» bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen no i ferien. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.
For å kunne røyste ved haustens kommunestyre og fylkestingsval må ein stå i manntalet. Manntalet er no lagt ut til offentleg ettersyn, slik at alle kan sjekke om namnet deira står der.
Grunnet kritisk feilretting vil det bli sporadiske brudd på bredbåndsleveransen i tidsrommet 1330 til 1430. Beklager eventuelle ulemper dette medfører. Det er den korte driftsmeldingen vi har fått fra Svorka i dag.