Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Friska opp gamle kunster

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. juli 2023

I dag var ein gjeng frå Eldrerådet i kaffekroken på Matkroken samla på Talgø gård for å friske opp gamle kunster med hesjing. Hesjing er ikkje så vanleg lenger, men gjengen som hadde møtt opp, hadde definitivt ikkje gløymt gamle kunster, så det gjekk fort og effektivt å sette opp hesja. 

Hesja blir sett opp, før sjølve hesjinga tok til. Foto: Kjell Gunnar Polden

Før hersjinga kunne ta til, vart ekra slått med motorslåmaskin. Etterpå vart hesja sett opp, og sjølve hesjinga gjekk unna på rekordtid, seier rapporten frå hesjegjengen. 

Til slutt var det treretters servering med sosial og triveleg samling. Foto: Kjell Gunnar Polden

Til slutt var det ei trivele sosial samling med treretters servering. Ungdommano som skulle vere med, for å lærast opp, vann seg ikkje dit før hesjinga var unnagjort, heiter det i rapporten.

 

Publisert: 19. juli 2023, 12:08