Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. juli 2023

I dag var det dugnad i Toåa tursti for å slå kantane, rydde litt kratt og for å få skråpa vegen. Turstien fekk i fjor haust nokre skadar som følge av stor elv. Deler av turstien må difor reparerast, eit arbeid Per E. Gjeldnes maskin skal utføre. 

Kantslått. Foto: Elinor Bolme

Men før dette arbeidet kan ta til, måtte kantane slåast og litt kratt ryddast langs den populære turstien til Todalen Idrettslag. 

Kantslått og rydding av kratt. Foto: Elinor Bolme

Det var bra oppmøte på dugnaden, så arbeidet var unnagjort på rundt to timar. 

Litt raking vart det også! Foto: Elinor Bolme

Etterpå var det kaffe og sosialt samvær ved gapahuken i Båthølen, der det vart servert bålkaffe og bakst. 

Etter dugnaden var det kaffe og kaker. Foto: Elinor Bolme

Todalen er heldige som har ein så fin og godt vedlikehalden tursti, som er til glede for mange både i og utanfor bygda!

Publisert: 21. juli 2023, 17:00