Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Manntalet lagt ut til offentleg ettersyn

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 15. juli 2023
For å kunne røyste ved haustens kommunestyre og fylkestingsval må ein stå i manntalet. Manntalet er no lagt ut til offentleg ettersyn, slik at alle kan sjekke om namnet deira står der.

Manntalet for Surnadal kommune vart lagt ut til offentleg ettersyn frå fredag 14. juli, og er tilgjengeleg til og med valdagen den 11. september. Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn desse stadane: 

  • Surnadal kommunehus – servicetorget
  • Surnadal kulturhus – biblioteket.

Dersom ein ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan ein sende skriftleg klage eller søke om å bli innført i manntalet.

Slik sender du klage eller søknad om innføring i manntalet

Det ligg søknadsskjema saman med manntalet på kommunehuset og kulturhuset.

Skriftleg klage eller søknad blir å sende:

Surnadal valstyre
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Klage eller søknad kan også sendast digitalt via eDialog

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 15. juli 2023, 08:37