Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Krevjande krøtterberging i Kvennsetdalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. juli 2023

I går og i dag har det vore krøtterberging i Kvennsetdalen. Kyrne stakk av under flytting frå innmarksbeite i Viastua og opp i Kvennsetdalen for eit par veker sidan. I ettertid har dei to kyrne gått seg utfor ein hammar. Den eine av dei var i live etter fallet, medan den andre omkom. 

 

Krøtterberging i Kvennsetdalen. Foto: Ola G. Kvendset

I går var det førebuingar til berginga, da det frakte opp høveleg utstyr for berginga. Det skulle mellom anna brukast ein bensindriven vinsj som vart frakta opp. 

 

Krøtterberging i Kvennsetdalen. Foto: Ola G. Kvendset

I dag var det klart for sjølve berginga. Det vart montert ein sekk rundt magen på kyrne, slik at ein kunne dra dei opp med vinsj og muskelkraft.

 

Snart på trygg grunn. Foto: Ola G. Kvendset

Totalt ti personar var med på den særs krevjande jobben med å få berga kyrne oppatt. – Det vart bruk både for vinsjen og all muskelkrafta frå dei som var med på berginga, fortel Ola G. Kvendset. 

 

trygt på vegen att. Foto: Ola G. Kvendset

– Men takka vere flinke og kyndige hjelparaar, gjekk heldigvis det særs krevjande bergingsarbeidet etter plana, legg han til.

 

Krøtterberging i Kvennsetdalen. Foto: Ola G. Kvendset

Ola var glad og takknemleg for at så mange hadde tid til å vere med på bergingsarbeidet i dag. 

 

Krøtterberging i Kvennsetdalen. Foto: Ola G. Kvendset

Publisert: 21. juli 2023, 14:36