Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Familiedag med gamal historie og ny kultur i Stangvik

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. juli 2023

Stangvik Grendalag og Stangvik Historielag inviterer fredag 28. juli frå klokka 12:00 til familiedag med gamal historie og ny kultur. Familiedagen er knytta til «Den Trondhjemske postvei» og startar med ein fin tur frå Vang til Stangvik. Under vegs vil ein får sjå nye verk av seks lokale kunstnarar og ein indianar.

Det er stort spenn i dei nye kunstverka: frå ei klopp til ei gullmaskin og ein kjærleiksbenk. Klokka 12:00 fredag 28. juli oppfordrer arrangørene folk til å ta turen frå Vang til Stangvik. Klokka 14:00 opner både utstillinga i Galleriet i Bondehuset og familiedagen, der det også blir marknad og matsal.

Jorun Kraft Mo har fått med seg nevøen Tore Mo, funne høvelege furuer i skogen på Vang og vist korleis dei laga ei klopp (bru) tidlegare. Her er Jorun saman med intativtakar Anita Land og kunstnarisk leiar Brit Dyrnes. Foto: Anita Land

Medlemmar frå Stangvik Historielag vil vere med på turen frå Vang og svarer for å svare på spørsmål. Initiativtakar og leiar av arrangørkomiteen, Anita Land, vil halde ei kort orientering på Vang før turen tek til.  

Det er mange historier knytt til «Den Trondhjemske postvei», som vart vedteken i 1775. Strekninga frå Vang til Stangvik vart opna i 1840. I dag er denne delen av postvegen ein populær turveg. Les meir om «Den Trondhjemske postvei her.

– Det er fint å både sykle og gå vegen, så om nokon vil ta med sykkel er dei velkomne, seier Anita Land.

Monica Moen Kvendset frå Lia gard kjem med bakverk og dyr. Foto: Anita Land

Alle som kjem, vil få postkort som dei kan sende. Postkorta er laga av dei fem kunstnarane som deltek: Jorun Kraft Mo, Brit Dyrnes, Jørgen Moe, Toril Redalen, Yngvild Sæter og Siri Skjerve.

– Vi har laga eige stempel for dagen, og vil sørge for at korta blir sendt om nokon vil skrive til kjente og kjære. Vi har også sikra oss at sjølvaste postmeisteren kjem, forsikrar Anita Land.

I tillegg til kunstutstilling, kjem «indianaren» Sigbjørn Børset med tipien sin. Det blir også lirekassespel, frimerkeutstilling og sal av smykke og sjeldne frimerke.

Dei som ikkje vil ta turen frå Vang til Stangvik først, er velkomne til Bondehuset i Stangvik på utstillingsopning, matsal og marknad klokka 14:00.

Program 28. juli

Stangvik Grendalag og Stangvik Historielag ønsker alle velkomne til familiedag i Stangvik!

Publisert: 21. juli 2023, 08:02