«Vårspræll» på Surnadal kulturhus
Laurdag 6. mai klokka 19:00 inviterer Kreativt Forum Surnadal (SKF) til «Vårspræll» i Storstuå på Surnadal kulturhus. Dette er femte framsyninga i serien «Vårspæll/Hæstlatter» som SKF arrangerer.
Vi fann 3546 artiklar i dette arkivet.
Laurdag 6. mai klokka 19:00 inviterer Kreativt Forum Surnadal (SKF) til «Vårspræll» i Storstuå på Surnadal kulturhus. Dette er femte framsyninga i serien «Vårspæll/Hæstlatter» som SKF arrangerer.
Da er tida inne for å fornye støttemedlemskapet sitt i Todalen.no. Støttemedlemskapet kostar kroner 200,- per person per år. Dei som er registrert med e-postadresse har fått faktura for støttemedlemskap i innboksen sin ein av dei siste dagane, medan dei som ikkje er registrert med e-postadresse får faktura i posten rett etter påske.
Før vi legg mars heilt bak oss, og susar på silkeføre inn i april, gjenstår det å kåre månadens bilete. Her er det både nordlys, sol som går opp og ned, manglande lys og dårleg sikt. Klar ferdig – stem!
Påska er meir enn Kvikk Lunsj og Solo, sjølv om du får kjøpt det i kiosken på Surnadal kino! Kinoen viser to filmar kvar dag frå palmesøndag til onsdag før påske skjertorsdag. Alle er rimeleg energiske, men rett over påske kjem det ein film du kan roe deg ned med!
Denne veka har det vore noko uvanleg aktivitet på Kårvatn. Folk frå «heile verda» har vore samla for å lage reklamefilm for det kinesiske droneselskapet DJI for ei splitter ny drone som skal lanserast i løpet av juni -23.
Frå i morgon, 1. april til og med søndag 31. oktober, er det bandtvang for hund i Surnadal kommune. Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1. apil – 20. august, men Surnadal kommune har eiga forskrift om bandtvang som inneber at bantvangen her i kommunen altså gjeld i perioden 1. april – 31. okotber. Dette betyr at hunden i denne perioden skal vere i band, forsvarleg inngjert eller vere innestengd. Somme unntak gjeld for jakt- og gjetarhundar, samt toll- og politihundar, når desse er i aktiv teneste, Bandtvangen er regulert i Lov om hundehald (Hundeloven) § 6, og i Surnadal kommune si forskrift om Bandtvang.
Olav Rønning, ved eigedomsavdelinga i Surnadal kommune, opplyser i ein telefon til redaksjonen, at Todalen barnehage no får ei enkel bygningsmessig tilpassing, slik at bygget kan brukast til bustad for flyktningar frå Ukraina.
Tysdag ettermiddag og kveld samla årets konfirmantar, sokneråda og andre frivillige inn pengar til den årlege «Fasteaksjonen». I Surnadal kommune vart det til saman samla inn 99.976, -. Dette gjev reint vatn til rundt firehundre menneske.
Skigruppa i Idrettslaget Søya inviterer til turrenn i Strengentraséen søndag 2. april med start i tidsrommet mellom klokka 11:00 – 12:00. Turrennet startar frå Vang Skiarena og går i variert terreng. Ein kan velje å gå til Øygardshalsen eller videre oppover mot Haukarberget, Langvatnet, Klåberget eller til toppen av Strengen. Det er ikkje tidtaking, så ein snur når ein sjølv måtte ønske.
Surnadal bibliotek og Surnadal Frivilligsentral til påskeverkstad i Frivilligsentralens sine lokaler på Skei måndag 3. april klokka 12:00. Påskeverkstaden vil halde på fram til rundt 15:00, så her er det mogleg å få laga litt påskepynt til påskehøgtida!
Påska nærmar seg med stormskritt, og dette fører sjølvsakt til at Surnadal kulturhus og Surnadal bibliotek får litt endra opningstider påskeveka og sjølve påskehøgtida.
Laurdag 1. april gjentek Stangvik Grendalag suksessen og inviterer til «Påskepub» i Bryå i første etasje i Bondehuset klokka 18:00, og dette er absolutt ingen aprilspøk!