Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Politisk valtorg» på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. august 2023

I ei felles pressemelding frå dei sju politiske partia som stiller valliste til kommunevalet i Surnadal kommune 11. september, får vi informasjon om det «Politiske valtorget» som skal gå føre seg på kulturhusplassen framfor Surnadal kulturhus laurdag 19. august frå klokka 11:00 og utover ettermiddagen. 

Her vil alle partia ha stand frå klokka 11:30 til 14:00, så dette er rette arenaen for å treffe alle partia som stiller til val i Surnadal kommune på ein plass, for å få høyre kva dei meiner er dei viktigaste sakene den komande fireårsperioden i kommunen vår.    

Klokka 12:00 er det arrangerer dei «PARTIKAMPEN», ein uhøgtidleg konkurranse mellom partia, der det blir konkurrert i fleire greiner, så her kan det bli spenning!

Partia oppfordrar alle til å ta ein tur innom for ein prat og ein kaffekopp!

Først publisert: 16. august 2023, 20:58 - Sist oppdatert: 17. august 2023, 06:23