Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangarane med tur til Leikaren i går

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 18. august 2023

I går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangtur til Leikaren på Mogstad. Det var skikkeleg fint turvêr for dei atten stavgangarane som møtte opp og tok turen opp skogsvegen og til Leikaren.  

Fin stavgangtur til Leikaren. Foto: Svein Tjelle

turen gjekk opp skogsvegen, og det fine turvêret gjorde at vi fekk god utsikt nedover dalen, seier Svein Tjelle i Stavganggruppa. 

Mykje vatn. Foto: Svein Tjelle

Etter turen var det kaffekos i solveggen ved garden. 

Triveleg med kaffekos i finvêret. Foto: Svein Tjelle

Turen opp til Leikaren var eit fint turmål, konstaterer ein nøgd Tjelle.  

Fint i solveggen. Foto: Svein Tjelle

Neste tur går til Mellingsetra i Søyådalen.

Fin tur som vart avslutta med kaffekos. Foto: Svein Tjelle

Publisert: 18. august 2023, 06:56