Stavgangarane starta sesongen i Todalen
Stavganggruppa i iSurnadal Pensjonistlag starta stavgangsesongen sin med tur langs Toåa i Todalen i år. Vêrmeldingane var ikkje dei beste for dagen, men elleve ivrige turgåarar møtte opp.
Vi fann 3515 artiklar i dette arkivet.
Stavganggruppa i iSurnadal Pensjonistlag starta stavgangsesongen sin med tur langs Toåa i Todalen i år. Vêrmeldingane var ikkje dei beste for dagen, men elleve ivrige turgåarar møtte opp.
Ei av dei mest kjente turistforeiningshyttene har fått nye drivarar. Det er Trygve og Astrid Roaldset som no blir styrarpar på Innerdalshytta i år.
Innerdalshytta ligg vakkert til i det som er kjent som Norges vakraste dal.
Torsdag 27. april tek stavgangssessongen til att etter vinteren. Da inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgang langs Toåa.
Frivilligsentralen i Surnadal inviterer til onsdagskafe i lokala til Frivivilligsentralen onsdag 26. april klokka 15:00 – 18:00. «Dess fleire me er saman, dess trivlegare blir det!»
Fredag 28. april, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard igjen til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til 1. mai.
Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 26. april klokka 16:30. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Surnadal Hornmusikk inviterte til jubileumskonsert i Todalen ungdomshus laurdag 22. april, Hornmusikken fylte heile 125 år i 2021! Men da vart det koronapandemi og avlysing. I ordtaket heiter det at «den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves», og slik var det med kveldens konsert! Hornmusikken leverte ein feiande flott konsert til stor glede for publikum som var både imponert og storfornøgde.
Under Vårsøghelga laurdag 27. mai klokka 13:00, inviterer Vårsøghelga til «boksøg» med Guri Sørumgård Botheim, leia av Svein Sæter. Dette er eit arrangement i samarbeid med Møre og Romsdal forfattarlag, og det blir musikalsk innslag ved Sigurd Brørs.
Surnadal Pensjonistlag inviterer til vårens siste trim i Trudvang torsdag 20. april klokka 11:00 – 12:00. Dei har også den siste trimøkta fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Kulturavdelinga i Surnadal kommune orienterer om dei forskjellege tilskotsordningar dei har til kultur og idrett det komande året, som har søknadsfrist søndag 30. april. .
Surnadal Skytterlag og Surnadal Jeger og Fiskerforening inviterer til våpenkveld på Angråmyra skytebane torsdag 20 april klokka 19:00.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 17. april. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00 . Alle er velkomne til å bli med ut på tur!