Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt besøk under open dag ved krigsminnesamlinga på Åsen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 16. september 2023

I dag hadde Nordmøre Forsvarsforening invitert til open dag ved krigsminnesamlinga på Åsen. Krigsminnesamlinga på Åsen inneheld våpen, militærutstyr og uniformer frå andre verdskrig (1940 – 45), med lokal tilknyting til krigshistoria frå Surnadal kommune. 

Mange tok turen for å sjå på utstillinga. Foto: Jo Inge Øverland

I tillegg hadde Petter Forberg og Jo Inge Øverland teke med sine private samlingar av våpen og utstyr, som også vart stilt ut, samman med forsvarsforeninga si eiga utstilling. Mange tok turen for å få sjå utstillingane. Det vart også mange lange og interessante samtalar om krigshistoria under dagens opne dag på Åsen. – Det var bra med folk frå vi opna dørene klokka 11:00 og fram til vi stengte klokka 16:00, kan ein godt nøgd nestleiar i Nordmøre Forsvarsforening, Jo Inge Øverland nøgd konstatere. 

Olav Jostein Holten (f.v.) og Lars Indreiten frå Nordmøre Forsvarsforening kunne konstatere at det vart ein vellykka open dag ved krigsminnesamlinga på Åsen. Foto: Jon Inge Øverland

Nordmøre forsvarsforening prøver å ha open dag på Åsen kvart år. – Det er viktig at krigshistoria ikkje blir gløymt, seier Jo Inge. – Spesielt no når vi på nytt opplever krig i Europa, legg han til. 

Mykje interessant å sjå på krigsminnesamlinga på Åsen. Foto: Jo Inge Øverland

Om nokon har utstyr eller andre ting frå krigen, så vil Petter Forberg gjerne at dei tek kontakt med han for å finne ut hva det er for noko, og kanskje kan han gje ei verdivurdering eller eit bod, dersom det er noko dei vil selje, eller bytte i noko anna. Så har du noko du ønsker at Petter skal sjå nærare på, så er det berre å ta kontakt med han! 

Publisert: 16. september 2023, 20:05