Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Møkkelfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 13. september 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Mekkelfjellet i Heim kommune. Turen starta frå Fjærli I Valsøyfjorden. – Først på ein sti opp gjennom tett skog, og deretter på god skogsveg som førte oss fram til Fjærlisætervatnet, kan Anne V. Einum i Fjellgruppa fortelje. 

På skogsveg og sti opp skogen. Foto: Anne V. Einum

Ved Fjærlihytta tok fjellvandrarane sin første matpause i sola. – Turen gjekk så vidare på ein sti med behageleg stigning oppetter fjellsida, held Anne fram. 

Heldig hund som får vere med på fjelltur! Foto: Anne V. Einum

Det siste stykket opp til toppvarden var skikkeleg bratt, men heldigvis ikkje lang!, seier ho. 

Utsikt mot Botnavatnet og Reinslivatna. Foto: Anne V. Einum

Frå toppen av Møkkelfjellet på 633 moh, fekk dei eit flott og vidt utsyn i alle himmelretningar, med fjell, vatn, fjordar og øyer! Rapportane seier at dei faktisk såg heilt til Hitra! 

Ved Fjarlisætervatnet. Foto: Anne V. Einum

På toppvarden vart det ein lang og god kvil med mat. ved toppvarden. – Og enno ein gong var vi heldig med veret, ja griseflaks, opphald og mykje sol på heile turen, kan Anne nøgd konstatere.

Utsikt til Aresvikfjorden. Foto: Anne V. Einum

– For på bilturen heim kom regnet, avsluttar ho. 

Aresvikfjorden og Valsøyfjorden bak vakre haustfarger. Foto: Anne V. Einum

Rapportane frå turen seier at alle dei nitten tykte det hadde vore ein overlag fin tjelltur.  

I naturens preikestol. Foto: Anne V. Einum

 

Flott utsikt mot Reinslivatna og fjella bak. Foto: Anne V. Einum

Publisert: 13. september 2023, 06:07