Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Markerer den internasjonale alzheimerdagen med gratis kino

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. september 2023

Surnadal Demensforening og Helselag, i samarbeid med Seniorfilmklubben, inviterer onsdag 20. september klokka 12:00 til gratis kino på Surnadal kino, der dei viser filmen «Iris». Filmen «Iris» er valt for å markere den internasjonale alzheimerdagen, rett nok litt på forskudd, men Iris Murdoch (1919-1999) vart råka av denne sjukdommen. 

Sjølv om det no er 24 år sidan Murdoch gjekk bort, kom det seinast for to år sidan ut ei bok av ho på norsk.

Filmen baserer seg på boka «Elegy for Iris», der ektemannen til Iris, forfattaren John Bayley, fortel om samlivet med ho – frå det første møtet, fram til sjukdomen  overvelda kvardagane deira.

Det er eit stjernelag som spelar paret; Kate Winslet og Hugh Bonneville (kanskje mest kjent frå «Downton Abbey») som det unge paret, og Judy Dench og Jim Broadbent som den aldrande utgåva. Broadbent vann forresten Oscar for sin rolleprestasjon, medan Dench og Winslet, båe vart nominerte til same pris.

Filmen er frå 2001 og det er gratis inngang.

 


Medlem i Todalen.no –


 

 

Først publisert: 12. september 2023, 05:00 - Sist oppdatert: 11. september 2023, 06:50