Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med Fjellgruppa til Tingvoll og Norskå

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 16. september 2023
Tysdag 19. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur, og denne gongen går turen til Tingvoll og Norskå.
 
Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30 for samkøyring. Parkering ved avkøyringa til Vågbø.
 
Vi har med kjentfolk som går først opp på Norskå, ein fin tur, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa. – Ta med mat, drikke, gode sko og det vanlege gode humøret!, legg han til.
 
Fjellgruppa ønsker vel møtt!
 
 

Medlem i Todalen.no –


 
Først publisert: 16. september 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 15. september 2023, 16:40