Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3626 artiklar i dette arkivet.


Inviterer til Kaffeslabberas i Skulstuå søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. oktober 2023

Søndag 15..oktober frå klokka 12:00 – 16:00 inviterer Venner av Skulstuå i Todalen igjen til kaffeslabberas i Skulstuå. Det blir sal av kaffi og gode kaker. Leikekrok for dei minste og kortspelrom for ungdommane. 


Ensemble Dali med konsert i Stangvik kyrkje på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. oktober 2023

Kammerkoret Ensemble Dalí inviterer søndag 15. oktober klokka 16:00 til Rakhmaninovs storslåtte Vesper i Stangvik kyrkje. Verket hadde urpremiere i 1915 og Dalí framførte verket i 2016, da i samband med koret sitt 10-årsjubileum. Dei gler seg til å bringe Vesper til liv att.



Svorka med varmepumpe-kampanje ut oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 10. oktober 2023

Vinteren står unekteleg for døra, og Svorka melder i ei pressemelding at dei no kan tilby nye varmepumpemodellar, som vil vere eit godt og økonomisk suplement til oppvarminga. 


Todalen skule lagt ut for sal

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. oktober 2023

Surnadal kommune har no lagt ut Todalen skule for sal. Eldste delen av skulebygningane er bygd i 1920, gymsalen påbygd i 1982 og eit lite påbygg frå 1997. Prisen er sett til ei krone. Det er driftsplan og framtidig bruk av bygningsmassen som vil vere avgjerande for kven som får tilslaget.   


Trim på Frivilligsentralen på Skei

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. oktober 2023

Trimgruppa i Surnadal Pensjonistlag startar torsdag 12. oktober klokka 11:00 oppatt med innetrim. Innetrimmen vil denne sesongen foregå på Frivilligsentralen på Skei!


Avsluttar fjelltursesongen på Hammerstuene

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. oktober 2023

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag skal feire at fjelltursesongen no er over. Dette gjer dei med å invitere alle som har vore med på minst ein av Fjellgruppa sine turar til middag på Hammerstuene onsdag 1.november klokka 19:00.



Sikker og smart lading av elbilen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. oktober 2023

Svorka kan no tilby to forskjellege billadarmodellar til heimelading, ferdig montert i  heime hos deg, på hytta eller fritidsbustaden. EMES og Zaptec held det dei lovar, dei lader trygt og enkelt heime og er designa for norske forhold. Aktiverer aktiverer ei smartlading i Svorka-appen sparer ein også penger ved å lade når straumprisen er lågast. På dagar der det er stor variasjon i straumprisane kan det vere ein del å spare på dette stadfestar Yngve Mogstad Høivik, salgs- og kundebehandlar i Svorka.



Alt klart til «damenes aften» på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. oktober 2023

Laurdag 7. oktober klokka 19:00 er det duka for «damenes aften» i Todalen ungdomshus. Komiteen opplyser at arrangementet har fått god mottaking, og at mange allereie har meldt seg på, men det er framleis plass til enda fleire fortel dei. 


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. oktober 2023

Fredag 6. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Denne gongen er du med i trekkinga av eit gåvekort på 350,- kroner, om du legg inn ei bestilling i kommentarfeltet på Lia gard si Facebookside innan onsdag 4. oktober. Vinneren blir trekt torsdag etter klokka 12:00.. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.