Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svinvikrunden – Midlertidig stengt for parkering på lunneplassen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. desember 2023

På grunn av tømmerdrift i Svinvikhamrane, vil det i ein periode framover ikkje vere mogleg å parkere på lunneplassen ved starten av Svinvikrunden, kan Tore Svinvik fortelje. Tømmerdrifta tek til onsdag 13. desember, og det er da viktig at ingen parkerer på lunneplassen, slik at bilane ikkje blir til hinder for tømmerdrifta.   

Han oppfordrar i staden dei som skal gå Svinvikrunden, om å parkere på parkeringsplassen ved Svinviks arboret eller nedover mot Svinvik Gard i perioden tømmerdrifta går føre seg.

Publisert: 12. desember 2023, 15:33