Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Luke 13 – 4 nye gevinstar har fått sin eigar

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. desember 2023

Vi er klare med trekning for 13. desember – denne dagen er det heile 4 gevinstar og dermed 4 nye vinnarar.  Den første gevinsten går til Nordvik – Jan Nordvik har vunne eit strikka sjal som ligg klart til henting.  

Gevinst nr 2 i dag er eit steinbakt brød – vinnar Gunn Tove Svinvik.  Foto TIL trim

Gevinst nr 2 går også til Nordvik –  her er det Gunn Tove Svinvik som er den heldige vinnaren av eit steinbakt brød.  

Den heldige vinnar av eit glas Todalshonning er Ingjerd Farstad.  Foto TIL trim

Den tredje gevinsten er eit glas med Todalshonning – her vart det Injerd Farstad som vart den heldige vinnaren.   

Sistemann ut i dag vart Tore Talgø Roaldset – gevinst nr 4 er eit sett med hekla juleenglar. Foto TIL trim

Den fjerde og siste gevinsten hamna i Brusetmarka, hos Tore Talgø Roaldset.  Gevinst nr 4 er eit sett hekla juleenglar.   Felles for alle vinnarane er at dei no blir kontakta av Todalen IL trimgruppa med tanke på overlevering av gevinstane.

Først publisert: 13. desember 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 12. desember 2023, 04:53