Bli med Fjellgruppa til Tingvoll og Norskå
Tysdag 19. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur, og denne gongen går turen til Tingvoll og Norskå.
Vi fann 3562 artiklar i dette arkivet.
Tysdag 19. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur, og denne gongen går turen til Tingvoll og Norskå.
Komande tysdag, 19. september, inviterer Todalshytta til balldag. – Da er det nemleg klart for haustens første balldag, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. Potetball og sildball serveres denne dagen i tidsrommet 15 til 18. – Todalshytta tek gjerne imot bestilling på telefon 929 97 550, melder Arve Evensen.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i går stavgangtur til Roparen. – Det var ingen lang tur, men i fint haustver og fin utsikt over nedre Surnadal var dei 24 stvgangarane nøyde med turen, kan Svein Tjelle i Stavganggruppa fortelje.
Sist helg, på tur ned frå Kjerringa og til Todalen Idrettslag si skihytte på Sørfjellet, har Kristoffer mista ein mørkeblå ARC´TERYX hettejakke. Så om nokon dei siste dagane, eller dei komande dagane finn ein slik jakke, så er dette Kristoffer sin.
Frå og med laurdag 16. september utvidar Surnadal bibliotek på kulturhuset opningstidene sine. Opningstidene for «meirope bibliotek» blir dei same som i dag, heiter det i ei pressemelding frå kulturavdelinga i kommunen.
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Mekkelfjellet i Heim kommune. Turen starta frå Fjærli I Valsøyfjorden. – Først på ein sti opp gjennom tett skog, og deretter på god skogsveg som førte oss fram til Fjærlisætervatnet, kan Anne V. Einum i Fjellgruppa fortelje.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Roparen torsdag 14. september. – Oppmøte klokka 11:00 på parkeringsplassen ved Surnadal Alpinsenter, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Surnadal Demensforening og Helselag, i samarbeid med Seniorfilmklubben, inviterer onsdag 20. september klokka 12:00 til gratis kino på Surnadal kino, der dei viser filmen «Iris». Filmen «Iris» er valt for å markere den internasjonale alzheimerdagen, rett nok litt på forskudd, men Iris Murdoch (1919-1999) vart råka av denne sjukdommen.
Laurdag 16. september, mellom klokka 11:00 – 16:00, inviterer Nordmøre Forsvarsforening til open dag ved krigsminnesamlinga på Åsen. Krigsminnesamlinga på Åsen inneheld våpen, militærutstyr og uniformer frå andre verdenskrig (1940 – 45), med lokal tilknyting til krigshistoria frå Surnadal kommune.
Surnadal Demensforening og Helselag inviterer onsdag 20. september klokka 19:00 til ope møte i Frivilligsentralen sine lokaler på Skei. Da får dei nemleg besøk av Anna Marie og Karl Laugsand.
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for september og oktober 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for november og desember, vil bli lagt inn i starten av november månad.
Statkraft har lyst ut ledig stilling som fagarbeidar akvakultur ved Rossåa settefiskanlegg i Todalen. Dei søker etter ein engasjert fagarbeidar i akvakultur til settefiskanlegget sitt i Todalen.