Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt nytt for pendlarane – siste avgang frå Rykkjem blir utsett

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. januar 2024

Som kjent foregår det arbeid på fergekaia på Kvanne, eit arbeid som fører til at siste avgang frå Rykkjem går klokka 22:05, ei avgangstid som gjer at pendlarane har store problem med å nå ferga, eller rettare sakt, ikkje når den. Da er alternativet å køyre om Kanestraum – Halsa, noko som forlengar turen med fleire mil og tek mykje lengre tid. 

Engasjert lokalpolitikar Kjell Gunnar Polden frå MDG, har lenge lurt på kvifor siste avgang frå Rykkjem var sett til klokka 22:05 og ikkje berre litt seinare, slik at pendlarane kunne nå den? – Sett frå eit miljøperspektiv, må det vere hol i haudet å forlenge ein tur med fleire mil, noko som betyr meir forurensing, seier Kjell Gunnar 

I dag tok han difor kontakt med Atle Ræstad, som er sjef for ruteendringar i Fram for å høyre kva grunngjevinga for dette var. 

Eg trefte ein særs triveleg kar som hadde full forståing for problemet, seier Kjell Gunnar. – Eg sa eg tilhøyrer kristenfløya i MDG, og at eg difor ikkje tåler løgn, så eg spurte han kvifor det ikkje var mogleg å få siste avgang litt seinare enn 22:05 og at eg ville ha eit ærleg svar på det, fortsett han. 

Atle Ræstad kunne fortelje at det handla om arbeidstid på dagens ferge, men han lova i samtalen med Kjell Gunnar at dei så snart som mogleg, kanskje allereie frå 10. januar, skulle få flytta ei anna ferge til sambandet, slik at siste avgangen frå Rykkjem kunne flyttast til nærare 22:30, slik at pendlarane slepp å køyre om Kanestrum Halsa. 

Vi hadde ein lang og konstruktiv samtale, og Ræstad var hyggeleg, forståelsesfull og løysingsorientert, avsluttar ein særs godt nøgd Kjell Gunnar!

Publisert: 4. januar 2024, 13:57