Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3514 artiklar i dette arkivet.


Tysdag 19. september er det ny balldag på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 15. september 2023

Komande tysdag, 19. september, inviterer Todalshytta til balldag.  – Da er det nemleg klart for haustens første balldag, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. Potetball og sildball serveres denne dagen i tidsrommet 15 til 18. – Todalshytta tek gjerne imot bestilling på telefon 929 97 550, melder Arve Evensen.


Stavgangarane gjekk til Roparen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 15. september 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i går stavgangtur til Roparen. – Det var ingen  lang tur,  men i fint haustver og fin utsikt over nedre Surnadal var dei 24 stvgangarane nøyde med turen, kan Svein Tjelle i Stavganggruppa fortelje. 


Kristoffer har mista jakken sin – og funne han att!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 14. september 2023

Sist helg, på tur ned frå Kjerringa og til Todalen Idrettslag si skihytte på Sørfjellet, har Kristoffer mista ein mørkeblå ARC´TERYX hettejakke. Så om nokon dei siste dagane, eller dei komande dagane finn ein slik jakke, så er dette Kristoffer sin. 


Biblioteket utvidar opningstida

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 14. september 2023

Frå og med laurdag 16. september utvidar Surnadal bibliotek på kulturhuset opningstidene sine. Opningstidene for «meirope bibliotek» blir dei same som i dag, heiter det i ei pressemelding frå kulturavdelinga i kommunen.


Fjellgruppa tok turen til Møkkelfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 13. september 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Mekkelfjellet i Heim kommune. Turen starta frå Fjærli I Valsøyfjorden. – Først på ein sti opp gjennom tett skog, og deretter på god skogsveg som førte oss fram til Fjærlisætervatnet, kan Anne V. Einum i Fjellgruppa fortelje. 


Stavgangarane tek turen til Roparen torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. september 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Roparen torsdag 14. september. – Oppmøte klokka 11:00 på parkeringsplassen ved Surnadal Alpinsenter, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.  


Markerer den internasjonale alzheimerdagen med gratis kino

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. september 2023

Surnadal Demensforening og Helselag, i samarbeid med Seniorfilmklubben, inviterer onsdag 20. september klokka 12:00 til gratis kino på Surnadal kino, der dei viser filmen «Iris». Filmen «Iris» er valt for å markere den internasjonale alzheimerdagen, rett nok litt på forskudd, men Iris Murdoch (1919-1999) vart råka av denne sjukdommen. 


Open dag ved krigsminnesamlinga på Åsen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. september 2023

Laurdag 16. september, mellom klokka 11:00 – 16:00, inviterer Nordmøre Forsvarsforening til open dag ved krigsminnesamlinga på Åsen. Krigsminnesamlinga på Åsen inneheld våpen, militærutstyr og uniformer frå andre verdenskrig (1940 – 45), med lokal tilknyting til krigshistoria frå Surnadal kommune.


Inviterer til ope møte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. september 2023

Surnadal Demensforening og Helselag inviterer onsdag 20. september klokka 19:00 til ope møte i Frivilligsentralen sine lokaler på Skei. Da får dei nemleg besøk av Anna Marie og Karl Laugsand. 


Tømmekalender for september og oktober er oppdatert

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. september 2023

Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for september og oktober 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for november og desember, vil bli lagt inn i starten av november månad. 



Stavgangarane til Kvenndalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. september 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur i går gjekk til Kvenndalen.  26 stavgangarar var med på turen til Kvenndalen, og dei fekk ein skikkeleg fin tur i det fine haustvêret, med lett bris og 20 plussgrader.