Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Verdscup for yngre med Romsdal Randonee som arrangør

Jon Olav Ørsal Fredag 15. mars 2024

Denne helga er det VerdsCup i randonee i Molde og verdseliten av unge løparar er på plass i Romsdalsbyen for å kjempe om poeng og medaljer. Rundt 100 deltakarar frå 17 nasjonar deltek.Frå Trollheimen Fjellsportklubb er det to deltakarar, Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping,  og her får dei skikkeleg konkurranse.  Det er rundt 100 deltakarar som er samla i Molde med Romsdal Randonee som arrangør. 

Det var start onsdag, med vertikal på 540 meter.  33 stod på startstreken, og Aron endte på 5. plass i sin klasse, medan Drøpping stod over denne dagen. Torsdag var det sprint, og her starta begge.  I kvalifiseringa kom Aron vidare til kvartfinalen og semifinalen og heilt til finaleplass, der han hamna på 2. plass.  Isak mista fellene og kom ikkje vidare frå prologen.

Laurdag er det individuell og verdscupen i Molde blir avslutta søndag, med stafett. 

Publisert: 15. mars 2024, 19:28