Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nostalgisk Jim Reeves-hyllest i Kulturhuset

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mars 2024

Laurdag kveld var det ei markering av Jim Reeves 101-årsdag i Kulturhuset. Eigentleg var arrangementet eit år forsinka, men kva har det å seie?  Konserten vart ei kjempefin oppleving for oss som hadde teke plass i Storstua denne kvelden.

Eit samansett band frå Surnadal og Rindal entra scena etter at Magne Løset hadde fortalt oss litt om historikken og bakgrunnen for konserten.  Jim Reeves omkom i ei flyulykke i 1964, men vi fikk laurdag kveld bekrefta at minna og musikken etter Jim Reeves lever vidare.

På scenea møtte vi Karstein Mauset, Ola Langli, Ingebrigt Landsem, Olav N. Tørset og Rolf Paulsen, som ga oss ein stor time med Jim Reeves-musikk.  Sjølvsagt fikk vi høyre klasikarar som «I love you because» og Adios Amigos» – og mange fleire, og det passa nok godt for eit publikum som oss som nok var litt grå i tinningen.  Stor takk til dyktige musikarar for ein kjempefin konsert!

Publisert: 17. mars 2024, 08:26