Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3559 artiklar i dette arkivet.


Takker velgerne

Elinor Bolme Måndag 19. oktober 2015

Surnadal Arbeiderparti ønsker å takke alle som har stemt på seg ved årets kommunevalg.

Innsatsen fra velgerne har bidratt til at partiet gjorde tidenes nest beste valg noensinne i Surnadal.


#6620 Ålvundeid mobiliserer for ei levande bygd

Elinor Bolme Fredag 16. oktober 2015

Måndag kveld var todalen.no bortbedt på inspirasjonsmøte på Ålvundeidet. Ålvundeid grendalag har den siste tida gjenoppstått frå ein lengre dvale etter at dei plutseleg vart ståande utan skule i bygda som dei sjølv forklarte. Etter fleire klagar til Sunndal kommune om ulike kommunale vedtak i skulesaka måtte dei til slutt gje tapt. Men berre på skulefronten, for bygda skal no etter plana slettest ikkje bli noko daupunkt mellom fjella fortel styret i grendalaget engasjert. Og det var derfor dei ønska ein gjennomgang av korleis vi i Todalen har ein såpass vellukka nettportal for å sjå om dei kan ta blåkopi.


52/17 søndagsturen til Langvatnet

Elinor Bolme Torsdag 15. oktober 2015

Kommande søndag kl 12 går Søndagsturen 52/17 til Langvatnet i Helgetunmarka i Rindal. Oppmøte ved parkeringsplassen ved Skavlia i Romundstadbygda. Frå Rindal sentrum tek du av til Romundstadbygda (Fylkesveg 341) ved krysset ved T-komponent, og fortsett ca 15 km oppover Romundstadbygda. Avkjøring til Skavlia er skiltet Helgetunmarka. Kjør ca 2 km til parkeringsplass. Felles kjøring til Langvassvegen […]


På tide å ta fram refleksen!

Elinor Bolme Torsdag 15. oktober 2015

Nesten kvar dag er ein eller annan «spesialdag». I dag, 15. oktober er det den nasjonale refleksdagen. Da kan det være greit med ei påminning om at det no blir fort mørkt ute og at det kan være lurt å ha ein refleks på lur om du skal ut etter vegen i skyminga som fort går over i stupmørkre.


3 gratisbillettar til «Konglesugaren»

Elinor Bolme Onsdag 14. oktober 2015

Barneteatret Vårt kjem til Surnadal med sitt nye, sprelske teaterstykke «Konglesugaren» 29. oktober. Då skal Reven og Grisen ut på nye eventyr i Surnadal kulturhus! Reven og Grisen er kjent for mange frå Barneteatret Vårt si forestilling Prikkesyken som var ein stor suksess. Med Konglesugeren inviterer Teatret Vårt til eit hyggeleg gjensyn på Surnadal kulturhus i ei varm og humoristisk forestilling til glede for liten og stor.


Barneidrett for elevar ved Stangvik Oppvekstsenter

Elinor Bolme Måndag 12. oktober 2015

Kommande veke startar Barneidrettsgruppa i IL Søya opp gjen med barneidrett i gymsalen på Stangvik Oppvekstsenter. Beate Kristine Svendsli Nes og Liv Heidi Kvande vil ha ansvaret for den yngste gruppa, medan Vegard Kvande Moen og Anne Saltrø Polden vil ta seg av dei to eldste gruppene på onsdagar. Dei ser an oppmøtet frå dei ulike trinna, og tek ei justering etter kvart dersom dei ser behov for det etter oppmøte.


Månadens bilete: Kvennaferjå i solnedgang

Ole Petter Talgø Fredag 9. oktober 2015

For september kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete med «Kvennaferjå i solnedgang» med over femti av dei 200 stemmene, som også vann månadens bilete forrige månad. Alle dei andre bileta fekk rundt tjue stemmer kvar. Nedanfor finn du alle månadens utvalgte bidrag. Vi gratulerer og lovar at premien overleveres ved første anledning.


Solidaritetskonsert

Elinor Bolme Fredag 9. oktober 2015

Tysdag kveld kling allsong, korsong og tasteinstrument i Stangvik kyrkje. Tonekvelden er ein solidaritetskonsert til inntekt for flyktningesaka. Stangvik Jentekor, Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor syng eit variert korprogram – frå barneviser til Bach og Handel. Ein av jentekorets songar er også dramatisert.


Har du lopper?

Elinor Bolme Torsdag 8. oktober 2015

Stangvik grendalag skal arrangere loppemarked i Bondehuset laurdag 17.oktober. I den anledning lurar dei på om nokon har lopper dei ønskjer å bli kvitt. Den som har det kan ta kontakt med Anne Nes på tlf 90217232, for levering så snart som muleg.


Kva tenker Putin – og kvifor?

Elinor Bolme Torsdag 8. oktober 2015

Dette er temaet når Per Egil Hegge (75) besøker Indre Nordmøre Senioruniversitet og Kulturhuset i Surnadal 14. oktober. Hegge er ein veteran i norsk presse og kjem med kåseriet «Kva tenker Putin – og kvifor?». Han er nordtrønder med universitets-utdanning i russisk, engelsk og statsvitskap, med 43 års arbeid i Aftenposten, m.a. som redaktør i Aftenposten og for A-magasinet. Han har også vore korrespondent både i Washington, London og Moskva. Han vart utvist frå Sovjetunionen så tidleg som i 1971.


Verdi, takst og vurdering. Kva er kva, og når er kva å anbefale?

Elinor Bolme Onsdag 7. oktober 2015

Takstering av bolig og eiendom er for mange noko ein skjeldan kjem borti da livssituasjojnen kan være forholdsvis uendra i det lange løp. Men av og til skjer endringar som gjer at ein for eksempel ønsker å selgje ein bolig, eller få takst for å få betre lånevilkår. I den anledning har vi fått litt informasjon frå takstmann Håvard Øyås på Nordvik omkring denne tematikken.


Stem på månadens bilete for september

Ole Petter Talgø Tysdag 6. oktober 2015

Med hausten i full anmarsj er vi klare for å finne vinnaren av månadens bilete for september. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag.