Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med i ryddeaksjon og bli «Årets strandrydder»

Elinor Bolme Tysdag 19. april 2016

Surnadal kommune oppfordrer alle til å delta i strandryddeaksjonen 2016. Dei proffe renovasjonsselskapa i Midt-Norge går sammen om årets strandryddeaksjon. Opplegget er godt og enkelt. Sekkar hentast gratis i servicekontoret på kommunehuset på Skei eller ved HAMOS sitt anlegg i Røtet mellom 2. mai og 10. juni fortel miljøvernrådgjevar Bodil Gjeldnes i ein epost til redaksjonen.

Gratis levering av avfallet ved nærmaste gjenvinningsstasjon, hytterenovasjonskontainer eller private dunk. Meld frå om valgt alternativ ved henting av sekkane. Alle som registrerer seg for rydding er med i konkurransen om «Årets strandrydder».

Surnadal kommune oppfordrar derfor alle til å delta i aksjonen, og ikkje minst til å unngå at søppel, og særleg plast, havnar i naturen ellers i året! Fortsett forsøplinga slik den gjer no, vil det i 2050 være meir søppel enn fisk i havet. Særleg plast brytast svært sakte ned. Sjå heile oppmodinga her: Invitasjon til deltakelse i strandryddeaksjon

hvorlangtid

Publisert: 19. april 2016, 09:38