Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3111 artiklar i dette arkivet.


Drømmeføre på fjellet

Drømmeføre på fjellet

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. april 2012

Vi har fått ein kort rapport og fine bilde i ein e-post frå Jon Bruset. Han har hatt «skidag» i dag og har teke turen opp i området rundt Tristeinan. Vi legg ut bilda i eit lite galleri slik at du kan sjå korleis forholda er. Dersom du vil nytte finvêret og godføret, er det kanskje lurt å ta turen torsdag eller fredag. For til helga melder nemleg både yr.no og storm.no dårlegare vêr. Vermelding finn du her, og du og samanlikne dei to «vêr-leverandørane» på same sida. Så får vi sjå kven som treffer best av dei to!

Les heile saka

Lørdag: Dugnad i båthavna

Lørdag: Dugnad i båthavna

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. mars 2012

Todalen Båtforening vil minne om at det er dugnad i båthavna førstkommende lørdag kl 11:00. Da skal vi fjerne sporene etter Dagmar og klargjøre for vårens båtaktiviteter. Ta med familie og venner, hansker, trillebår og rive. Det er mengder av tang og rekved som må samles i hauger for å kjøres bort senere, melder styret […]


Godt mot, Todalen! -kva no?

Godt mot, Todalen! -kva no?

Elinor Bolme Tysdag 24. januar 2012

Mange i Todalen sit no og ventar på svar på søknadane dei vart oppfordra til å sende inn til Godt mot, Todalen innan 1. oktober 2011. Desse kan i følge Godt mot, Todalen ikkje besvarast før dei har fått godkjent den siste årsrapporten for prosjektet. Denne rapporten var enno ikkje innlevert onsdag i forrige veke da todalen.no var i kontakt med fylkesagronom Synnøve Valle hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Ho var heller ikkje av den oppfatning av at dette kunne være informasjon som måtte haldast attende før rapporten var godkjent slik som Godt mot, Todalen har oppgjeve.

Les heile saka

Fikk knust speilet

Fikk knust speilet

Jon Olav Ørsal Måndag 23. januar 2012

Ein billist på veg til jobb i Todalen (ca kl 7.50) var uheldig og fikk knust eit sidespeil på Nordvik måndag morgon. Møtande billist fortsette utan å stanse, men billisten ønskjer kontakt da det vart ein mindre skade på bilen. Billisten oppfordrar derfor om å ta kontakt på telefon 41 04 16 12 så snart som muleg.


Rundtur i Todalen

Rundtur i Todalen

Marte Talgø Tysdag 14. juni 2011

I dag var halve tiendetrinnet frå Surnadal ungdomsskule i Todalen. Andre halvdel kjem på fredag.
Det gjekk buss frå Surnadal klokka ni, så ungdommane kom til gammelfabrikken halv ti.

Les heile saka

Gammel skialpinismeside

Ole Petter Talgø Laurdag 4. desember 2010

Invitasjon til Norgescup/ Lifesystems Cup og EM uttak singel, og lagkonkurranse i randonee, og Norgescup i fjelltelemark. Kårvatn i Todalen, lørdag 14/1 og søndag 15/1 – 2012 Last ned invitasjon (PDF) Todalen Idrettslag inviterer til Lifesystems cup i randonee og fjelltelemark lørdag, og lagkonkurranse randonee søndag. Program Lørdag 14. januar 2012 Kl. 10:00 start Norgescup/ […]


Tonekveld med Safari

Tonekveld med Safari

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. november 2010

Onsdag kveld (24. november kl 19.30) er det tonekveld i Todalen kyrkje. Da kjem gruppa Safari med 7-manns orkester og vil opptre sammen med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor som begge har Bernt Bøe som dirigent. Safari har mykje flott musikk på programmet, og vi får høre både negro spirituals, salmer og tradisjonslåter frå Sri Lanka denne kvelden, fortel Gudmund Husby som er ein av musikarane i orkesteret Safari.

Les heile saka

Mange sprekingar

Elinor Bolme Onsdag 29. september 2010

Tirsdag ettermiddag var det duka for Sanitetens årlege Løftatur. Mange deltakarar i alle aldersgrupper stilte opp for å gå runden oppå Løfta og nedatt til Sanitetshuset. Årleg vert det over heile landet arrangert Sanitetens veke med ulike tema. Tema i år var fysisk aktivitet og ernæring.


Stem på månadens bilete for august

Ole Petter Talgø Tysdag 7. september 2010

I løpet av sommaren har det kome inn mye bilete til oss for dagens bilete, og tida er inne for å kåra månadens bilete for august. Vi har fått inn mange gode bilete, og måtte ha med åtte kandidatar denne månaden.


Zumba også i Todalen.

Zumba også i Todalen.

Elinor Bolme Onsdag 1. september 2010

Måndag kveld er det moglegheiter for å kunne prøve zumba også her i Todalen. Ein gjeng trimlystne damer har vore i kontakt med Thatianny for å laga eit lite innføringskurs for interesserte. Og Thatianny sa seg villig til å lære bort denne no utruleg populære trimforma.

Les heile saka

To nye bruer på Kårvatn.

To nye bruer på Kårvatn.

Elinor Bolme Fredag 9. juli 2010

Etter litt forsinka arbeid, kan snikkarane som har oppheldt seg på Kårvatn på etterjulsvinteren i anledning brubygging seia seg rimeleg ferdig til ferien.

Les heile saka

Spreke karar.

Spreke karar.

Elinor Bolme Måndag 14. juni 2010

No utover er det full rulle for dei som driv med fotball. Serien tar snart ferie, men cupane rullar jamt over heile sommaren. I går var det Silregncup på Syltøran stadion, og i den anledning var det nokre karar frå Todalen som også var i aksjon.

Les heile saka