Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte unnagjort. Ikkje på 1 time, men 3.

Elinor Bolme Fredag 22. april 2016

I går kveld var vel 20 personar samla i Todalen Ungdomshus til årsmøte for Todalen Idrettslag. Leiar Steinar Frøystad ønska velkommen, og gav så ordet vidare til valgt møteleiar John Moe. Idrettslaget er oppbygd med eit hovudstyre, og undergrupper for fotball, ski/friidrett, drift/anlegg og trim/allidrett. Alle dei ulike gruppen presenterte sine årsmeldingar, medan regnskapen vart presetert av konstituert kasserar Knut Bergli.

Idrettslaget har mykje god aktivitet gjennom året som kom fram gjennom dei ulike årsmeldingane. Likevel poengterte årsmøtet at enda fleire av aktivitetane kunne ha vore nemnt for å synleggjere den enorme innsatsen bygdafolket legg ned i frivillig arbeid for laget.

Regnskap og budsjett vart etter varme diskusjonar gått grundig igjennom, og årsmøtet kunne til slutt godkjenne det mot at endringar i revisors beretning vart korrigert i etterkant.

Valget gjekk fort unna da valkomiteen hadde gjort ein god jobb, på trass av ei lita misforståing.  Det nye styret vart sjåande slik ut:

Styre 2016

  • Leiar: Steinar Frøystad
  • Nestleiar: Steffi Bohle
  • Kasserar: —–
  • Sekretær: Rune Moe

 

  • Leiar, Fotballgruppa: Knut Bergli
  • Leiar, Ski- og friidrettsgruppa: Velges snarast ved konstituering av gruppa
  • Leiar, Trim og allidrettsgruppa: Jorunn Nordvik
  • Leiar, Bane/anlegg: Leiar 1: Gudmund i Kvendset – leiar 2: Nils Øyen
  • Leiar, Driftsstyret, vinteranlegg, snøscooter og skihytta: Terje Nordvik
  • Leiar, Driftstyret, Ungdomshuset: John Moe

Som de ser av dette vart ikkje kasserarvervet besett da Knut ikkje ønska å ta vervet ut det siste året ved Tormod Kalseth sin bortgang. Styret fekk derfor fullmakt til å finna ny til dette vervet innan ein månads tid. Fullstendige komiteear vil bli publisert etter kvart.

Etter at årsmøtet vart heva vart det diskutert litt laust og fast om drifta av laget. Fleire av dei frammøtte ønska ei meir inkluderande styring og refererte til dei tidlegare møta der medlemmene i idrettslaget kunne møte og diskuterere drift og aktivitet i eit større fora. Også drift av Todalen Camping vart diskutert, med bakgrunn for at plassen kanskje ikkje er så egna for formålet lenger med tanke på at den ligg i ei vernesone som det kanskje ikkje er så enkelt å drenere/vedlikehalde. Desse innspela ville styret ta med seg vidare og sjå på lova leiar Steinar Frøystad.

jon moe rune moe

Brødrene John og Rune Moe vart valgt til henholdsvis møteleiar og referent.

jorunn nordvik

Alle undergruppene hadde kvar si årsmelding. Trim og allidrettsgruppa si vart lese av leiar i gruppa; Jorunn Nordvik. Nils Ove Bruset og Gudmund I Kvendset følgjer med at alt kjem med.

 

håvard halset jon bruset

Etter kvart vart det servering av blautkaker. Håvard Halset og Jon Bruset var IKKJE dei einaste som tok for seg.

 

 

Publisert: 22. april 2016, 09:54