Vellykka strikkekultur
Frå Eivind Hasle og Indre Nordmøre Senioruniversitet har vi fått eit referat etter at dei tok for seg «Strikking som kultur» på Surnadal Kulturhus i går.
Vi fann 3680 artiklar i dette arkivet.
Frå Eivind Hasle og Indre Nordmøre Senioruniversitet har vi fått eit referat etter at dei tok for seg «Strikking som kultur» på Surnadal Kulturhus i går.
Musikk kan vere helsebringande og med det føre til betre livskvalitet innafor t.d. eldreomsorga. Tysdag kjem Audun Myskja til Surnadal for å fortelje korleis ein skal bruke musikk på ein slik positiv måte.
Audun Myskja vil tysdag 29. november, på dagtid, vere forelesar for tilsette i helse- og omsorgssektoren frå fleire kommunar. Men på kvelden, frå kl. 18, kan kven som helst kome for å høre på Myskja i kulturhuset på Skei.
VAMP er ute på jubileumsturne og gler seg til å spele i Surnadal onsdag. Og det blir garantert folksamt på feiringa i kulturhuset, for det er ikkje så veldig mange billettane att til konserten.
Det var feiar Øyvind Staveland som tok initiativet til å starte Vamp, og utpå vårparten 1991 innleia musikarane eit samarbeid med lyrikaren Kolbein Falkeid – og resultatet vart feiande flott.
Årets julemøte til Surnadal Pensjonistlag blir arrangert på Nordmøre Folkehøgskule torsdag 1. des. kl 1330.
Her blir det underhaldning, og kåseri ved ordførar Lilly Gunn Nyheim. Utdeling av Eldrearbeidsprisen for 2016.
Laurdag ettermiddag litt før klokka 16 vart Matkroken utsett for eit frekt tjuveri. Ein framand mann tok seg inn bakdøra på butikken og forsynte seg med varer. Fleire kundar la merke til mannen på parkeringsplassen, og han er også festa på film via butikkens overvakningskamera. Mannen for med ein eldre plommeraud personbil, muligens toyota. Bokstavane i registreringsnummer som vitner har merka seg er CV, og mannen er europeisk av utsjånad.
Det var det klåre budskapet til den nyvalde leiaren i Noregs Mållag, Magnar Aasbrenn under dagens språkstafett på Kløverstua. Det var Surnadal heimbygdlag som sto for arrangementet, og leiar Trygve Roaldset sa seg enig i at vi må auke fokuset på nynorsk som «vårt» språk også her på Nordmøre. Dialekta vår ligg så tett opptil nynorsk, at dette ikke bør vera argument for ikkje å ønske auka bruk av denne målforma.
«Strikking» er tema for møtet i Indre Nordmøre Senioruniversitet onsdag 23.november på kulturhuset i Surnadal. Møtet er som vanleg ope for alle, og styret ser gjerne at folk stiller i lusekofta eller strikkatrøya!
Onsdag 30. november inviterer Tordenskjold songlag til førjulskveld i Todalen Ungdomshus. Dei tykkjer det er stas å ha konserter uti smågrendene, skriv leiar i koret Elsa Kvande i ein epost. -Og denne gong med eit besøk i Todalen.
Svein Sæter vil fortelje historia om ein av Noregs ukjende heltar og samfunnsbyggjarar på kulturhuset onsdag kl.11. Han har nyleg kome med ei bok om Einar Sverdrup (1895–1942); direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Gruvene ved Longyearbyen – og byen sjølv – blei livsverket hans. Ingenting kunne stanse Einar Sverdrup. Familien var full av framståande politikarar, prestar, polfararar, poetar og pressemenn.
Surnadal Senterparti gjennomførte i går kveld sitt årsmøte på Nordvik Forsamlingshus med 14 møtande medlemmar og gjest Kristin Sørheim som er leiar av samferdselsutvalget i Møre og Romsdal Fylke.Forsamlingshus med 14 møtande medlemmar og gjest Kristin Sørheim som er leiar av samferdselsutvalget i Møre og Romsdal Fylke.
Det har som kjent vore brudd i forhandlingene mellom KS Bedrift Energi og arbeidstakerorganisasjonene i Energiavtale 1. Som ei følge av dette gjekk 16 energiselskap ut i streik fredag 23. september. Streiken har etter dette vore trappa opp til å omfatte 74 energiselskap og over 1100 ansatte. Deriblant fleire av Svorka sine ansatte.
For oktober kan vi gratulere Erlend Halset som vinnar av månadens bilete med Todalen by air med 65 av dei 228 stemmene som kom inn denne månadnen. Tett bak fulgte Oktoberstemning fra Jon Bruset og Kveldssol på Trollheimsfjell fra Ingri Bruset. Vi får inn mange flotte bilete av både fjord og fjell, men her har Erlend fått til ein litt uvanleg vinkel.