Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Politiet ber om tips etter tjuveri i Todalen laurdag

Elinor Bolme Sundag 20. november 2016

Laurdag ettermiddag litt før klokka 16 vart Matkroken utsett for eit frekt tjuveri. Ein framand mann tok seg inn bakdøra på butikken og forsynte seg med varer. Fleire kundar la merke til mannen på parkeringsplassen, og han er også festa på film via butikkens overvakningskamera. Mannen for med ein eldre plommeraud personbil, muligens toyota. Bokstavane i registreringsnummer som vitner har merka seg er CV, og mannen er europeisk av utsjånad.

Bilen er både rett før og rett etter tjuveriet på Hals observert ved fleire postkassestativ rundt bygda. Jorid Haugen Ansnes som var på arbeid denne dagen fortel at ho også har sett mannen inne i butikken ved tidlegare anledningar. Han oppførte seg da såpass merkeleg at ho følgde med han. Denne gongen kom han som sagt inn bakvegen tomhendt, og ho og fleire såg han ikkje før han var på tur inn i bilen med ein blå bag.

Vakthavande ved Surnadal lensmannskontor Anders Magne Ormset er derfor veldig interessert i fleire observasjonar av denne bilen og mannen.  Han ber derfor om at den som kan ha relevant informasjon og observasjon rundt dette tek kontakt med Surnadal lensmannskontor på telefon 71 65 87 50. Tidlegare omtala tjuveri i Bæverdalen hadde vorte løyst utan politietets innblanding, fortel Ormset mandag kveld.

NB! Mannen må ikkje forvekslast med Kvikkas AS sin ansatt som i går leverte avisa Tidens Krav i området. Vi har dessverre ikkje klart å komme i kontakt med Kvikkas AS for å få bekrefta tidspunkt og bilmerke for gårsdagens leveranse. Gi oss gjerne innspel på dette, så vi kan oppdatere.

Først publisert: 20. november 2016, 14:35 - Sist oppdatert: 22. november 2016, 10:03