Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

VAMP feirar 25 år i kulturhuset

Elinor Bolme Måndag 21. november 2016

VAMP er ute på jubileumsturne og gler seg til å spele i Surnadal onsdag. Og det blir garantert folksamt på feiringa i kulturhuset, for det er ikkje så veldig mange billettane att til konserten.

Det var feiar Øyvind Staveland som tok initiativet til å starte Vamp, og utpå vårparten 1991 innleia musikarane eit samarbeid med lyrikaren Kolbein Falkeid – og resultatet vart feiande flott. Det er nok å nemne den momentante klassikaren «Tir n’a Noir», som i ettertid har vist seg å vere svært så slitesterk – ja, den blir sunge og spelt omtrent like mykje i dag som da den vart lansert på debutalbumet «Godmorgen søster» (1993). På den plata finn du t.d. også «Hallo – Adjø» og andre som har overlevd «tidens krav».

Vokalisten frå dei første åra, Jan Toft, gjekk ut av bandet i 1998 for å gå solo. No er han tilbake igjen og Vamp har også fått med seg ein strengevirtuos av dei sjeldne i Bjørn Berge. Han har gjeve ut 12 soloplater, kjent for sin energi og gitarteknikk og er ein sjeldan ettertrakta musikar.

Vamp har gjeve ut totalt 14 album og har selt over ein million plater. Fem spelemannprisar har det vorte – og eit utal med gnistrande konsertar. For å sakse litt frå dei som har vore på konsert med Vamp berre dei siste dagane: «Publikum møtte et band som var i topp form og tydeligvis likte å spille» (Jarlsberg Avis), «–Musikken er suveren, de synger fantastisk, og de har et godt samspill, denne kvelden har vært helt suveren», kan Sarpsborg Arbeiderblad vidareformidle frå ein 66-årig publikummar som var på konsert i Sarpsborg for ei veke sia.

Øyvind Staveland har vore støttespelar, bokstaveleg talt, i Vamp gjennom alle år. Han var med da Vamp, som backingband, toppa listene i Hong Kong (!), og Staveland og Vamp har opplevd eventyrlege suksessar her til lands med t.d. «Månemannen» og «Liten fuggel» (der for øvrig sonen, Odin Staveland, var – og er – vokalist).

Lydbildet til Vamp har vorte meir energisk og direkte enn før, utan at ein har problem med å kjenne dei att. Øyvind Staveland fortel at han ser fram til å kome til Surnadal igjen, lover god stemning og håper på full sal når dei no inviterer til «jubileumskonsert» onsdag kl. 19.

Publisert: 21. november 2016, 10:10