Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3048 artiklar i dette arkivet.


Biltoget 17. mai flyttes til Skei

Elinor Bolme Tysdag 1. april 2014

17.mai er det også i Surnadal kommune planlagt storslått 200-årsjubileum for den norske grunnloven. I den anledning har Surnadal-ordfører Mons Otnes tidlegare sendt ut forespørsel til kretsene om muligheit for å få til ei felles 17. mai-feiring på Skei, og håpa at kretsane stilte seg udelt positive til det. Dette var årets aprilspøk på Drivas nettside – Driva.no. gikk du «fem på», eller?


Songkveld med ny salmebok

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. mars 2014

Onsdag kveld vart songkvelden i Todalen kyrkje bruka til å introdusere og «prøvesynge» den nye salmeboka. Etterpå var det årsmøte i kyrkjelyden, der dei skulle ta stilling til å den nye salmeboka skulle takast i bruk i Todalen kyrkje. For høvet var det lånt inn eit antal salmebøker frå Ranes sokn, og både Todalskoret og […]


Utpågang- midt i muligheitene

Elinor Bolme Torsdag 27. mars 2014

Utpågang er ei ny satsing mellom kommunane Surnadal og Sunndal. Dette er eit magasin som i desse dagar er distribuert til samtlege husstandar i dei to kommunane. Innleiingssvis har ordførarane Mons Otnes og Ståle Refstie ordet, der dei ønsker å gripe muligheitene. Muligheitene som Indre Nordmøre er i besittelse av. Dei ønsker å sammarbeide om rekkrutering, kompetanseutvikling, skape bo- og ikkje minst blilyst slik at heile Nordmøre skal bli ein enda meir atraktiv region å bu i og flytte til.


Vårsalg hos RBL

Elinor Bolme Torsdag 27. mars 2014

Vinteren vart kanskje ikkje slik nokon av oss forventa, men RBL kan skilte med eit snøscootersalg over normalen for det. No slår dei til med sterke rabattar på bekledning for scooterbruk. Her er det tilbud på gode skuter- og vinterklær med 20 – 70 % rabatt.


Månadens bilete: På tur hjem

Ole Petter Talgø Torsdag 27. mars 2014

For februar kan vi gratulere Kristine Saksen Ulvund som vinnar av månadens bilete med «På tur hjem». Utover våren håpar vi mange tek fram kamera og mobiltelefon, tek eit bilete og sender inn til oss.


Langt i frå berre blomster

Elinor Bolme Torsdag 20. mars 2014

Som namnet seier, så er ikkje Orkideen blomster og gaver ei enspora bedrift. Etter at dagleg leiar Karen Oddny Gravvold flytta butikken frå Amfisenteret opp til Elektogården i Miljøgata, har ho saman med sine ansatte skapa ein liten oase samansett av eit allsidigt sortement. Lokalet verkar kanskje lite med det same ein kjem innafor døra, men etter ei lita vandring innover, innser ein raskt at her kan ein bruke både litt tid og ikkje minst pengar før ein kjem seg utatt.


Fagprat om årets grovfôr

Elinor Bolme Måndag 17. mars 2014

I morgen mellom 11 og 13 inviterer Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag og Rindal Landbrukssenter til fagprat rundt årets grovfôrkvalitet i Rindal Bil- og landbrukssenter sine lokaler ved Sunna. Fagansvarleg er Ragnhild Borchsenius, rådgivar i Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag.


Det lir mot vår og våronn

Elinor Bolme Torsdag 13. mars 2014

Våren er emning, med opp i mot 10 grader på dagtid og tidvis lauvsprett i følge hovedbildet. Dette gjer at nokon allereie har teke første vårpuss i hagen, medan andre faktisk har begynt å ha ut husdyrgjødsel. Fleire todalen.no har snakka med har stussa på dette, og etter ein henvendelse til jordbrukssjefen i Surnadal kommune fekk vi ei oppklaring.


Din pensjon i fokus

Elinor Bolme Torsdag 13. mars 2014

Surnadal Sparebank inviterer alle interesserte til ein temakveld med fokus på pensjon og de ulike ordningene som berører emnet i banken på Skei onsdag 26. mars kl. 19.00. Bør jeg spare selv? ved Gunnar Birkevold, Eika Kapitalforvaltning.

Det står mykje i media om Folketrygden, at den er vorte dårlegere og dårligere, og at folk må være obs på dette. Alle arbeidstakere har krav på pensjonsordninger gjennom jobben, som skal spes på det de får fra det offentlige. Det vi ser, er at desse ordningane vil gi eit heller beskjedent tillegg når den tid kjem.


Vinterdag, tross vårstemning

Elinor Bolme Måndag 3. mars 2014

Rindal bil- og landbrukssenter arrangerer onsdag Vinterdager ved butikken på Sunna i Rindal. A-K maskiner fra Fannrem kommer også for å vise frem sine vinternyheter. I tillegg blir det ei stor utstilling av Case og New Holland traktorer. Med andre ord en fagdag for de fleste med behov for nytt utsyr, eller bare har lyst på litt kaffe og faglig påfyll.


Stangvik historielag med årsmøte

Sverre Kjølstad Fredag 28. februar 2014

Stangvik Historielag avviklet sitt årsmøte på Stangvik skole onsdag 26. februar. Historielaget har hatt stor aktivitet i årets som er gått, med både nytt årsskrift, restaureringsarbeid og andre aktiviteter. Etterpå sørget Eistein Bæverfjord for underholdning med filmen «Finnguten».


POMPdeLUX i Todalen laurdag

Elinor Bolme Torsdag 27. februar 2014

Torill Gjeldnes arrangerer laurdag 1. mars klesparty med merket POMPdeLUX. Isabell Fureli kjem og viser fram den nyaste vår/sommar kolleksjonen med barneklær, for gutar og jenter i str 86-152. Det skjer i Gammelskulen mellom klokka 12 og 14.
Torill lovar nykoka kaffe og litt kaffemat, og poengterer at det er ingen kjøpetvang (berre ete og skravletvang!)