Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kongen av Spitsbergen» på kulturhuset

Jon Olav Ørsal Sundag 13. november 2016

Svein Sæter vil fortelje historia om ein av Noregs ukjende heltar og samfunnsbyggjarar på kulturhuset onsdag kl.11. Han har nyleg kome med ei bok om Einar Sverdrup (1895–1942); direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Gruvene ved Longyearbyen – og byen sjølv – blei livsverket hans. Ingenting kunne stanse Einar Sverdrup. Familien var full av framståande politikarar, prestar, polfararar, poetar og pressemenn.

Historia om Sverdrup vitnar om vilje, mot og pågangsmot. Hausten 1941 var Einar Sverdrup rasande då britane tvangsevakuerte Longyearbyen; alle menneska i ein norsk småby blei stappa om bord i krigsskip og sende til Storbritannia, medan byen og gruvene blei herja og husdyra slakta for fote.
I mai 1942 leidde Sverdrup ein militær operasjon for å fri Spitsbergen frå Nazi- Tyskland. 13. mai 1942 omkom han og 13 medsoldatar, då ekspedisjonsskipet «Isbjørn» blei senka av tyske fly. Svein Sæter har med «Kongen av Spitsbergen» skrive den einaste boka om Einar Sverdrup. Det er Surnadal folkebibliotek som inviterer til foredraget og det er gratis inngang for dei som vil oppleve ein særs interessant time frå onsdag kl. 11.

svein-s-kongen-av-spitsbergen

 

Først publisert: 13. november 2016, 23:00 - Sist oppdatert: 14. november 2016, 00:35