Tur til Aursjøen og Eikesdal
HLF Surnadal arrangerer tur over Aursjøen og videre om Eikesdal torsdag 24.august. Det blir kaffestopp underveis og middag i Eikesdal. HLF organiserer transport med private biler.
Vi fann 3667 artiklar i dette arkivet.
HLF Surnadal arrangerer tur over Aursjøen og videre om Eikesdal torsdag 24.august. Det blir kaffestopp underveis og middag i Eikesdal. HLF organiserer transport med private biler.
Ein grønn puma-jakke vart funnet ved Legdvatnet 10.august. Om det er nokon som saknar den er det berre å ta turen til Andersstua så får du den att.
Surnadal Jeger- og Fiskerforening inviterer til aktivitetshelg på Vaulen, Nordmarka neste fredag og lørdag (18.-19.8).
Arrangementet er planlagt som ein overnattingstur, men det er selvfølgelig mulig å delta kun på laurdagen om ei ønsker det.
Puben på Pakkhuset kro er open fredag kveld 11. august , frå kl 21 og utover, med alle rettigheter. Alle er velkomne!
Har du eller nokon du kjenner forlagt sandalane dine i sommar? Det lurer dei ansatte i Todalen Barnehage på. Dei har nemleg funne eit fint sandalpar inne på barnehagens område etter ferien.
For juli kan vi gratulere Signe Larsen som vinnar av måndenas bilete med «Måse over Todalen». Det var ein klar favoritt blant dei som stemte, og fekk 87 av dei 216 stemmane i månadens avstemning.
Det har etter kvart vorte tradisjon med ei kulturell vandring uti Årnesliene i regi av Stangvik historielags turstigruppe på Årnes. I år blir denne turen laurdag den 12. august, med oppmøte ved Grendahuset på Årnes kl. 11.00 (parkering ved Jørristufjøset).
29. august arrangerer Indre Nordmøre forsvarsforening sommertur til Hemne sammen med Nordmøre brigadeveteranforening.
Kråkerøy vart haket for sterke for G14 Surnadal/Søya/Todalen under dagens finale i gruppespel B. Gutane kjempa godt i begge omgangane, men Kråkerøy fekk betre utteling på sine sjansar og vann komfortabelt 3-0. Uansett har gutane gjennomført årets Norway Cup med stil og kjempeinnsats.
Ivar Waag og John Nordvik gikk i dag nesten til topps under finalen i feltskyting i klassen eldre junior. Ivar tok andreplassen og John tredjeplassen. Gutane representerer Surnadal skyttarlag i ein tropp som tel 16 påmeldte fortel Hanne Waag frå Landsskyttarstemnearenaen i Førde.
Det er ikkje berre i fotballen lokale idrettsutøvarar gjer det godt. I kveld gjekk Ivar Waag frå Nordvik til topps i klassen eldre junior med fenomenal skyting. Denne klassen er ny av året, og Ivar vart derfor historisk med seieren skriv Det Norske Skyttarvesen på si heimeside no i kveld.
Etter eit nervepirrande lokaloppgjør mellom Surnadal/Søya/Todalen og Halsa/Valsøyfjord i klassen G14 kunne SST gå jublande ut av derbyet med 3-2 til slutt og er no klare for finalespill. Halsa/Valsøyfjord gjekk opp i leiinga etter berre 2 minutt og denne stillinga held seg til pause. Martinus Kvendset åpna 2. omgang med 1-1, før Halsa/Valsøyfjord gjekk opp […]