Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Magiske russiske klanger»

Elinor Bolme Fredag 1. september 2017

8 menn- profesjonelle songarar frå Bulgaria og Russland; The Black Sea Don Kossack kor– inviterer til ein heilt spesiell konsert i Øye kyrkje tors.7.sept.kl.19.30. Med songar frå den russisk ortodokse liturgien og tradisjonelle russiske folketonar , byr dei på ei intens og utrykksfull musikalsk oppleving –ferdigheiter på internasjonalt nivå. Her får vi høyre dei djupaste bass-stemmene saman med krystallklare tenorar – ei mannskoroppleving av dei sjeldne!
I meir enn 30 år har Black Sea Don Kossacks turnert i Europa. Dei er faktisk 25 medlemmar i
koret, men for kvar konsert er dei 8 beste valt ut og deira spesielle klang er kjend i operahus
kontinentet over. A!lle medlemmane er både disiplinerte koristar og framståande solistar med
utruleg teknikk. Konserten er både spennande og meditativ – frå det svakaste til det sterkaste
og alt i mellom

Først publisert: 1. september 2017, 05:08 - Sist oppdatert: 31. august 2017, 21:11