Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotballminner i fleng

Elinor Bolme Laurdag 26. august 2017

Med over 80 frivillige i aksjon og rundt 560 fotballglade ungar fordelt på 80 ulike fotballag var rammene for ein triveleg og godt gjennomført Søyacup sett nok ein gong. IL Søya er rutinerte arrangørar, og hadde tnaturleg vis også fullklaff med vêret på Kvanne.

Nytt av året er både at det er kampar på Svissholmen for enkelte lag, samt at det har vorte ny 3’er bane ved klubbhuset. Totalt 121 kampar på 8 ulike banar for 6-åringar og opp til 12 årsklassane. 3’er banen er no vorte ein permanent bane, med innkjøpt av bruka kunstgras med vant i rundt.

Fotballbanen på Svissholmen i Stangvika tok unna 5 kampar som gjorde at dagen klaffa med dei 80 påmeldte laga. Foto: Anne Saltrø Polden.

Leiar i IL Søya si fotballgruppe Lars Inge Kvande er naturleg vis storfornøgd med dagens arrangement, og retter ein stor takk til alle dei frivillige i laget som har stått på denne dagen, og ikkje minst i dagane i forkant. -Dette er ikkje gjennomførbart utan gode komiteleiarar og dei alle frivillige som er med og gjer ein innsats for klubben sin.

Leiar Lars Inge Kvande (th) saman med Leif Magne Andersen roser alle dei frivillige som har delteke før og under cupen. God planlegging er nøkkelen til at cupen klarar å serve dei rundt 2000 besøkande.

Cupen er nok no ein av dei aller største på Nordmøre, og klarte nok som visjonen til IL Søya er; å skape gode fotballminner for alle dei som kom og deltok.

Under er eit rikhaldigt fotogalleri frå Søyabanen. Foto Elinor Bolme

Publisert: 26. august 2017, 18:39