Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ledig stilling som kyrkjevaktmeister

Elinor Bolme Torsdag 17. august 2017

Då ein av våre trufaste medarbeidarar går av med pensjon, vert det ei 100% stilling ledig som kyrkjetener/kyrkjegardsarbeider melder Kyrkjeverge i Surnadal og Rindal, Ingeborg Nordlund.

Arbeidsoppgåvene er allsidige og ein må rekne med arbeid på helg og høgtid.:

  • å vere kyrkjetener ved gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • kyrkjegardsarbeid
  • reinhald
  • andre vaktmeisteroppgåver,

Hovudarbeidsstad er kyrkjene og kyrkjegardane i Surnadal og oppmøtestad er kyrkjelydshuset på Skei, men ein må rekne med arbeid i/på alle kyrkjene og kyrkjegardane i Rindal og Surnadal. Det er difor naudsynt å disponere bil og ha førarkort.( helst BEC1E el.l) slik at ein kan kjøyre tilhengar med utstyr.

Vil du vete meir om stillinga og kyrkja i Rindal og Surnadal? sjå www.surnadal.kyrkja.no
og Instruks for stillinga

Vi ynsker oss ein løysingsorientert medarbeidar med fagbrev ,tømrer, grøntfagleg kompetanse, ell. Det vil bli lagt vekt på erfaring og om du er personlig eigna ved tilsetting .

Løn og arbeidsvilkår i tråd med avtaleverk. Pensjonsordning i KLP

Søknad sendast ti Kyrkjeverja i Rindal og Surnadal post@surnadal.kyrkja.no .Søknadsfrist for stillinga er 5.september 2017.

Publisert: 17. august 2017, 20:14