Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Alt klart til Søya Cup

Elinor Bolme Laurdag 19. august 2017

IL Søya melder no om at kampoppsettet for neste laurdags Søya Cup er klart. Også i år har dei hatt stor pågang til påmeldinga, noko som har resultert i at dei har sett opp nokre kampar på kunstgrasbanen på Svissholmen. Der vil det bli spela 5 kamper i J-12/G-12 klassen. Dette er ein bane som er noke mindre enn ein “vanleg” 7-erbane, men den tilfredsstiller fotballforbundets minstemål for 7-erbane.

Som tidlegare år er det oppsett skyttelbuss frå fergeleie på Kvanne til Søyabanen. Skulle det bli endringar i kampoppsettet vil det enkelte berørte lag få beskjed om dette.

Kampoppsettet finn du her: https://www.profixio.com/matches/soyacupen-2017 Og enda meir om cupen finn du på IL Søya si heimeside

Publisert: 19. august 2017, 09:16