Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3681 artiklar i dette arkivet.


Kompetanseheving med Fotballeder 1 kurs

Elinor Bolme Sundag 31. desember 2017

Nordmøre og Romsdal fotballkrets inviterer nok ein gong til Fotballeder 1 kurs i Surnadal. Dette er eit kompetansehevings kurs for idrettslag som arbeider med og mot kvalitetsklubbstempel. Det er krav om at dei som sitt i styret i slike klubbar må ha gjennomført dette kurset. Men kurset er også veldig matnyttig for den «almenne frivillige» som gjer ein stor innsats i eigen klubb.


Takk for at du var med oss..!

Jon Olav Ørsal Sundag 31. desember 2017

Vi er komne fram til årets siste dag, og vi har lagt attom oss eit år med mange hendingar og stor aktivitet på mange frontar. På Todalen.no har vi hatt ca 438.000 besøkande i løpet av året, og det er omtrent same tal som i fjor. Tala er imidlertid endra – det er stadig fleire som besøker nettsida som brukar telefonen i staden for datamaskin/Laptop. Positivt er det også at stadig fleire nye lesarar kjem til – i 2017 har talet unike besøkande auka med knappe 2% og er no oppe i 91.000. Da kan vi iallfall konkludere med at det er ikkje berre todalingar som «stikk innom» sida.


Er du Frodes gjestegitarist?

Redaksjon Fredag 22. desember 2017

Frode Alnæs (58) er en av Norges beste gitarister. Når han kommer til Surnadal 8. februar med sin nye gitarforestilling ønsker han å invitere en lokal gjestegitarist opp på scenen. Nå trenger han din hjelp til å finne den rette.


Svanesjøen på Austigardshauå

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. desember 2017

På føremiddagen i dag var det 2 svaner på visitt på Austigardshauå. Dei kosa seg i nokre sølepyttar som har danna seg i regnet og snøsmeltinga som har vore dei siste dagane. Vi kan vel driste oss til å tru at dette er songsvaner, sjølv om vi ikkje kunne høre ein einaste lyd. Men vi reknar med å bli motsagt dersom dette ikkje stemmer.


Alf Søyset hedra for sin innsats i Tysklandsbrigaden

Elinor Bolme Torsdag 14. desember 2017

Tirsdag 12. desember var det den årlige julelunsjen på Jørstadmoen militærleir, med 280 ansatte og inviterte gjester. Her var det også utdeling av ulike medaljer til veteraner som hadde tjenestegjort i ulike internasjonale operasjoner og som ikke tidligere har fått sine medaljer.


Lei av at søppelet flyt

Elinor Bolme Torsdag 14. desember 2017

Ein litt irritert lesar har gjentatte gongar observert søppel flytande utanfor Hamos sin container på nordsida av Talgøfabrikken. Dette er opprinneleg ein søppelcontainer for hytterenovasjon for Surnadal kommune, men blir kanskje av og til bruka av andre også. I går kveld låg det nok eig gong ein svartsekk med søppel utanfor containeren.


Med luciatog og lussekatter til barnehagen

Elinor Bolme Onsdag 13. desember 2017

I dag har 1.-4.trinn på Todalen skule baka lussekatter og gått Lucia i barnehagen og på skulen. Og vi har fått oversendt nokre stemningsbilete.


Bli med forsvarsforeningen til Nidarosdomen

Elinor Bolme Onsdag 13. desember 2017

Indre Nordmøre forsvarsforening minner om Forsvarets julegudstjeneste i Nidarosdomen onsdag 20. desember kl. 11.00. Det er ingen påmelding i år, vi tar rutebussen (FRAM-buss) fra Skei kl. 07.50 til Trondheim melder Lars J. Bævre i en epost til redaksjonen.


Ny juletradisjon?

Steinar Hasselø Laurdag 9. desember 2017

Ta deg fri frå julemaset, len deg attover og sjå «Love Actually» på Surnadal kino laurdag 16. desember.

Treng du kunstige stimuli for å kome i julestemning, er det ingenting som matchar denne klassiske julefilmen. Kan også nytast for dei som allereie har stemninga inne.


Standup på kulturhuset!

Elinor Bolme Laurdag 9. desember 2017

Gjør deg klar til ett av årets morsomste og mest omtalte standup-show – Terje Sporsem kommer til Surnadal kulturhus torsdag 14. desember.

Sporsems nye forestilling «Religion» har allerede begeistret både kritikere og publikum landet over.


Tid for å melde seg på UKM!

Elinor Bolme Onsdag 6. desember 2017

No er det opna påmeldinga til UKM for Halsa, Rindal og Surnadal. Fristen for dei som vil vere med å arrangere er seinast torsdag 4. januar, medan dei som vil stille ut eller opptre må melde seg før måndag 22. januar 2018.


Månadens bilete: Kulde

Mari B. Redalen Onsdag 6. desember 2017

Denne månaden ble det Sjur Fedje med bilete Kulde som vant. Med 90 av 263 stemmer. Haust på Ørsalfjellet, og morgonstemning ved Igltjønna var lenge med å kniva om seier.