Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svanesjøen på Austigardshauå

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. desember 2017

I dag var det litt uvanleg besøk på Austigardshauå – eit svanepar hadde funne seg badeplass i ein av sølepyttane som har danna seg etter snøsmelting og regn i fleire dagar. med grønt gras i rundt, såg det ut som dei kosa seg i vatnet.  Vi tek sjansen på at vi ikkje blir arrestert om vi kallar dei for songsvaner – vi tykte det såg slik ut.  Dei har nok vore observert fleire plassar rundt bygda, og gange ofte rundt Todalsøra og Halsetøran. Iallfall er det triveleg med slikt julebesøk….

Vaksne songsvaner har ei heilt kvit fjærdrakt og blir normalt omkring 140–160 cm lange. Vingespennet er cirka 205–235 cm og vekta 8–15 kg. Det er ikkje lett å sjå forskjell på kjønna. Ungfuglane har grå fjørdrakt og lyseraud nebb. Både når dei flyr og svømmer kan songsvanene gi fra seg kraftige trompetaktige lyder. Songsvaner skil du frå knoppsvaner på det gule nebbet og ein rettere hals, skriv Wikipedia der du også kan

Publisert: 21. desember 2017, 16:00