Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny juletradisjon?

Steinar Hasselø Laurdag 9. desember 2017

Ta deg fri frå julemaset, len deg attover og sjå «Love Actually» på Surnadal kino laurdag 16. desember.

Treng du kunstige stimuli for å kome i julestemning, er det ingenting som matchar denne klassiske julefilmen. Kan også nytast for dei som allereie har stemninga inne.

Det er faktisk 14 år sia «Love Actually» hadde premiere, men det funklar og skin framleis av denne romantiske komedia. Så var det også eit stjernelag av skuespelarar som spelte kvarandre gode, som t.d. Colin Firth (m.a. kjent frå «Mamma Mia» og «Bridget Jones»-filmane), Keira Knightley (m.a. «Pirates of The Caribbean»-filmane) og Hugh Grant («Fire bryllup og en gravferd», «Notting Hill», osv.). Filmen blir vist kl. 16 den 16.

Hugh Grant har forresten også ei rolle i «Paddington 2» som har skikkeleg premiere fredag 8. desember (Surnadal kino hadde også fått tildelt førpremiere på denne, så nokre har allereie sett den). I denne oppfølgjaren er Paddington på jakt etter ein skurk som har stole ei svært spesiell bok.

«Solsidan» er vaksenfilmen fredag 8. og søndag 10. desember. Filmen, som er basert på den svenske komiserien, har stort sett fått fire på terningen. «Solsidan – Filmen» har allereie gått ei veke og fått tommelen opp frå surnadalspublikummet så langt.

 

Onsdag 13. desember er det klart for premiere på den nye «Star Wars»-filmen («The Last Jedi») og det er også sett opp ekstraforestilling kvelden etter.

 

Publisert: 9. desember 2017, 12:00