Dy, ta va godt!
I kveldinga inviterte Ola Kvendset bygda til kuslepp i Viastua. Ikkje så alt for mange tok turen, men det brydde dei seg lite om dei vel 40 kyrne som endeleg fekk ut og nyte den fine maikvelden.
Vi fann 3668 artiklar i dette arkivet.
I kveldinga inviterte Ola Kvendset bygda til kuslepp i Viastua. Ikkje så alt for mange tok turen, men det brydde dei seg lite om dei vel 40 kyrne som endeleg fekk ut og nyte den fine maikvelden.
Også frå Stangvik skulekrets har vi fått tilsendt årets 17. mai program. dei startar dagen med gudstjeneste, før dei samlast ved Stangvik oppvekstsenter for sitt hovedarrangement.
Da var dagen komen for Kløvertur oppover Romålia. Ni damer starta frå Heggøyan med Haukarsteinen som mål. Veret var aldeles nydeleg, sol og varmt, men med ein og annan vindpusten «som den heite panna svala».
I helga har Surnadal golfklubb arrangert årets første golfkurs. På lik linje med øvrig idrett er også golfklubben avhengig av at det «veks oppiatt» nye golfarar, i alle aldrar. Grunnkurset er på 12 timar, og krev ingen teoretisk eller praktisk prøve. Siste kursdag blir neste måndag for denne gjengen, som har hatt Geir og Tove Garte som instruktørar.
Søndag ettermiddag arrangerte Todalen idrettslag basar til inntekt for Toåa Tursti. Sjølv om det var retteleg godver, kom det mykje folk, og det vart god, gammeldags basarstemning i Ungdomshuset.
Et annerledes medlemsmøte for pensjonistene i Surnadal i dag. Det startet i lokalene til Surnadal Billag AS. Vi fikk en grei orientering om hva som skjer i de gamle lokalene. Og det var svært interessant å høre på de to eierne, Jon Arne Mogstad og Martinus Grimsmo som for tre år siden kjøpte hele greia for ei krone!
8. mai er det 120 år sia Hans Hyldbakk vart fødd. Det vil bli markert med kåseri og utstilling på kulturhuset. Kåseriet er ved «Hyldbakk-biografen» Svein Sæter. Og sjølv om Svein både har skrive om og gjeve ut bøker med Hans, fortel han at det stadig dukkar opp nye forteljingar om «Bygdadiktaren». Nokre av dei har til og med røter i andre verdsdelar.
I dag var første offisielle dugnadsøkta på Toåa Tursti i full sving. Dagens innsats vart lagt ned på Matkroken, kor det vart seld lodd til neste helgs basar i Ungdomshuset. Ragnar Halle og Carsten Bohle var første mannskap ut og kunne fortelje om stor positivitet til å både ta lodd og til sjølve prosjektet.
Elevane ved Todalen oppvekstsenter nytta siste skuledagen i aksjonsveka «Hald Midt-Norge reint» til strandrydding i Todalsøran naturreservat. Dei hadde base på Bordholmen, og plukka søppel i sjøkanten i retning småbåthamna og sørover mot elva og Halsabrua.
Heile 37 trimmarar møtte opp til stavgang ute i Bøfjorden. Gjengen møttest på Elvaneset i godt ver, og derifrå gjekk folk i ulike retningar og i ulikt tempo.
Laurdag 5. mai er det den store strandryddedagen i Norge. På Nordvik følgjer dei opp ein god tradisjon og arrangerer strandrydding langs strendene på Nordvik.
Surnadal Pensjonistlag har medlemsmøte på «Billaget» på Surnadalsøra tirsdag 8.5. kl 1500. Orientering ved Jon Mogstad. Etterpå går turen til Hammerstuene, der det blir servering og loddsalg.