Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnaden er i gang!

Elinor Bolme Fredag 4. mai 2018

I dag var første offisielle dugnadsøkta på Toåa Tursti i full sving. Dagens innsats vart lagt ned på Matkroken, kor det vart seld lodd til neste helgs basar i Ungdomshuset. Ragnar Halle og Carsten Bohle var første mannskap ut og kunne fortelje om stor positivitet til å både ta lodd og til sjølve prosjektet. 

Neste søndag blir det altså basar i Ungdomshuset fra klokka 16 og utover. Her blir det eit bugnande basardbord. Bygdafolk og andre som ønsker å støtte prosjektet har donert mange fine gevinstar fortel Michal Heimlund som var sistemann ut under dagens forhåndssalg. -Men vi tek gjerne i mot fleire om nokon har lyst til å bidra. Prosjektet har også fått eige Vippsnummer, så om nokon vil støtte oss med eitt lodd eller to og ikkje kjem til bygda før neste søndag er det likevel rå, fortel Michal. -Men gjer det før onsdag slik at vi har kontroll på kven som tek utanom ordinært førehandssalg.

Vipps i veg, men hugs å skriv navn slik at du blir registrert i loddboka. Forhåndslista kostar 50 kr pr nummer.

Under basaren neste søndag blir det også eit kulturelt innslag. Komiteen har utfordra Svein Åge Saksen til å finne nokre høvelege filmklipp frå hans rikhaldige arkiv, frå litt nyare tid. Så her blir det både ettermiddagskaffe, sosialisering og historiske klipp.

Publisert: 4. mai 2018, 20:26