Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dyktige strandryddarar

Dordi Jorunn Halle Fredag 4. mai 2018

Elevane ved Todalen oppvekstsenter nytta siste skuledagen i aksjonsveka «Hald Midt-Norge reint» til strandrydding i Todalsøran naturreservat. Dei hadde base på Bordholmen, og plukka søppel  i sjøkanten i retning småbåthamna og sørover mot Toåa og Halsabrua.

Strandrydding – godt for miljøet at søppelet blir fjerna frå naturen. Foto: Dordi J H

Todalsøran naturreservat omfattar elvaosen og område på Kvennsetøran og Hallsetøran. Foto: Dordi J H

Elevane fann mindre søppel enn forventa. Så dei var litt skuffa over mengda dei kunne plukke, men samstundes glade for at det var så lite plast og anna søppel i reservatet – «Det er no eigenleg kjempebra,» slo dei fast.

Todalsøran naturreservat vart oppretta i 2002 for å ta vare på «eit relativt urørt elvedelta med botaniske, zoologiske og geomorfologiske verneverdiar.»

Etter fin dugnadsinnsats var det tid for mat og leik på Bordholmen i godt ver.

Endeleg matpause! Fint å ete ute i sola. Foto: Dordi J H

Elevane kunne fortelje at dei for eit år sidan hadde strandrydding ute i Vorphaugen, der var det derimot meir søppel enn dei kunne handtere. Så kanskje bør vaksne i år ta ansvar for strandrydding i det området.

Her var det lunt! Foto: Dordi J H

Litt fotball medan dei venta på matsignal. Foto: Dordi J H

Publisert: 4. mai 2018, 20:05