Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i strålande ver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. mai 2018

Da var dagen komen for Kløvertur oppover Romålia. Ni damer starta frå Heggøyan med Haukarsteinen som mål. Veret var aldeles nydeleg, sol og varmt, men med ein og annan vindpusten «som den heite panna svala».

Fint gå oppover Romålia! Foto: Dordi J H

Turen gjekk etter den gamle setervegen oppover lia, her kunne ein tydeleg sjå at det var lagt ned mykje arbeid for å mure opp veg til kløvjing om sommaren og høykjøring med slede vinters tid. I gamle dagar var det nok mykje slit og strev opp og ned Romålia. Men i dag var det berre idyllen å gå oppover stien; lytte til fuglesong og fossedur, vandre i teppe av kvitsymre og fylle vassflaska med reint vatn frå bekken.

Godt med mat og drikke. Frå venstre: Jorunn, Kari, Synnøve, Åse, Åshild, Berit, Helen, Arndis. Foto: Dordi J H

Det vart kaffepause ved bordet oppå Bakgreista’n –  her er det fin utsikt mot Sørfjellet.  Sjølvsagt tok alle siste bakken opp til Haukarsteinen for å sjå innover Romådalen mot Botnnebba og Rognnebba.

Nedturen gjekk etter skogsvegen, fint å gå der også. Og alle var einige om at dette hadde vore ein fin og vellykka turdag! Og så gjer det så godt for både kropp og sinn.

Helen og Åshild på Haukarsteinen. Botnnebba og Rognnebba lengst inne i Romådalen. Foto: Dordi J H

Dagens tur er nok den lengste og brattaste Kløverturen i «vårsesongen». Neste Kløvertur blir ikkje før måndag 28. mai, da blir det Rusletur. Er veret godt, tek vi da turen oppover til Tjønnmyran.

Frodig i Romålia! Ein liten pause for Jorunn, Synnøve og Berit. Foto: Dordi J H

Ein liten pust i bakken før siste kneika opp til Haukarsteinen. Foto: Dordi J H

Publisert: 14. mai 2018, 20:43